Velkommen til HLF Fitjar/Stord


Laget vårt høyrer heime i Sunnhordland, og me er i dag ca.260 medlemmer frå kommunane: Fitjar, Stord, Tysnes og Austevoll. Frå starten av var også Bømlo og Kvinnherad med, men Kvinnherad danna eige lag i 2002 og Bømlo i 2004. Lokallaget arbeider i tråd med sentrale føringar, først og fremst interessepolitisk, men og med aktivitetar som har ein meir sosial profil, skjønt det er i tråd med vedtektene det og.


Litt historikk

Samandrag av lagsaktiviteten i HLF Fitjar/Stord, 1990 - 2010

Fredag 6.april 1990 kl.19.00 heldt representantar frå Hordaland Fylkeslag av Tunghøyrdes Landsforbund møte på Fitjar med føremål å danna lokallag for dei tunghøyrde. Det møtte i alt 9 personar og det vart nærast utpeika 3 personar som skulle fungera som interimstyre det første året. Martin Skumsnes frå Fitjar, vart lagets første leiar.

Han gav det nyskipa laget eit rentefritt lån på kr.1000,- som startkapital, slik at dei kunne koma i gong med arbeidet umiddelbart. Som nyskipa lag skulle dei ikkje berre yta teknisk hjelp, men hadde og som mål, å få så mange som mogeleg av dei tunghøyrde, ut av isolasjonen.

Medlemsmøta vart viktige. Få skapa eit forum der dei høyrselshemma kunne koma saman, få informasjon, møta likesinna, dela erfaringar og på den måten vera til hjelp og støtte for kvarandre. Medlemsmøta var ope for alle, også pårørande, som gjennom deltaking kunne få ei betre forståing for dei problema som dei høyrselshemma strevde med i kvardagen. For at alle skulle få med seg det som vart sagt på medlemsmøta, så vart det allereie første året kjøpt inn ei bærbar teleslynge.

Opp gjennom åra har det vorte mange medlemsmøter, enten med foredrag med emne relatert til høyrselproblem, eller med kåseri. Mest kvart år har laget også fått til dagstur med buss.Laget har arrangert studieringar og forskjellige kurs. Sal av batteri til høyreapparat, sterkt subsidiert, har alltid stått i sentrum som medelmspleie.

År 2000, 10 års jubilèet vart feira på Fitjar Fjordhotell med mange gjester frå fjern og nær. Likeeins vart det stor feiring i 2010 ved 20 års jubilèet som vart halde på Stord Hotell.

Tillitsvalgtssider

Kontaktinformasjon

Leder

  • Willy Arntsen
  • 5410 Sagvåg
  • Mobil: 913 33 883

  • Nestleder
  • Marie Paulsen
  • Tlf: Sagvåg
  • Mobil: 402 47 145
  • Sekretær
  • Thoralf Thorbjørnsen
  • 5410 Sagvåg
  • Mobil: 975 52 003
  • Kasserar
  • Olav Andersen
  • 5680 Tysnes
  • Mobil: 930 03 754
  • Styremedlem
  • Olaf Spissøy
  • 5412 Stord
  • Mobil: 413 26 646
  • Styremedlem
  • Anne-Jofrid Skibenes
  • 5417 Stord
  • Mobil: 481 52 197
  • Varamedlem
  • Hanna H. Halsebakke
  • 5412 Stord
  • Mobil: 913 18 896
  • Varamedlem
  • Hilda Gloppen
  • Tlf: Fitjar
  • Mobil: 971 36 075