Velkommen til HLF Osterøy

Velkommen til nettsidene til HLF Osterøy.

HLF Osterøy er et av 200 lokallag i HLF (Hørselshemmedes Landsforbund).
Lokallaget består av frivillige som gjør en jobb for hørselsaken i ditt nærmiljø. Mange lokallag har også likemenn som er viktige støttespillere for andre hørselshemmede.

Dersom du ønsker mer informasjon om lokallagets arbeid, møter eller andre aktiviteter ta kontakt med din lokale kontaktperson. Ønsker du selv å bidra for hørselssaken, er du hjertelig velkommen

 


OM HØRSELSTAP I YRKEKSAKTIV ALDER  –  KORLEIS FÅ EIN BETRE ARBEIDSDAG?»


Undersøkingar viser at cirka 100 000 nordmenn i yrkesaktiv alder høyrer så dårleg at dei kunne hatt nytte av eit høyreapparat.  På mange arbeidsplassar finst det tilsette som har store utfordringar knytte til hørselstap. Hørselstapet er først og fremst eit problem for den som høyrer tungt, men    leiarar og kollegaer kan også møta ulike vanskar i samvær med den hørselshemma.  Mange, både leiarar og tilsette, veit ikkje kva hjelpemiddel som finst og kva rettar som gjeld. 

HLF Osterøy (Osterøy Hørselslag) inviterer til ope møte om dette temaet mandag 23. april, kl 19.00 i Klubbhuset på Hatland, Lonevåg.

Audiopedagog Kari Mowatt Haugland frå Syns- og audiopedagogisk Teneste i Bergen deltar på møtet.  Ho vil fortelja om det å vera yrkesaktiv med eit hørselstap og tar opp mellom anna:


➢  Å vera tunghøyrt – kva inneber det eigentleg?

➢ Kva er mogeleg å leggja til rette praktisk, teknisk og kommunikasjonsmessig for yrkesaktive hørselshemma i kvardagen?

➢ Kva kan eventuelt gjerast på din arbeidsplass?


Ein representant frå NAV Osterøy vil også vera tilstades og kan eventuelt informera om rettar ein hørselshemma har med omsyn til sin eigen arbeidsplass.

Det blir høve til spørsmål og diskusjon. Enkel servering blir det også!

HLF Osterøy vil oppfordra yrkesaktive, leiarar i bedrifter og offentlege etatar samt representantar frå skular/barnehagar og alle andre interesserte å møta fram 23. april for å få betre kunnskap om dette temaet som dei fleste høyrande veit så altfor lite om!

  .


 

 

Tillitsvalgtssider

Kontaktinformasjon

Leder

  • Knut Tormod Bruvik
  • 5282 Lonevåg
  • Tlf: 56 39 01 06
  • Mobil: 915 99 706