I Møre og Romsdal går det fjell og fjordar på kryss og tvers. Nokre folk bur spreidd, andre i tettare befolka område. Fylket er delt inn i tre fogderi: Sunnmøre lengst sør, Nordmøre i nord og Romsdal i midten. Fylkeslaget og campingvogna skal binde høyrselsfolket saman og gjere HLF sine tenester tilgjengeleg for innbyggarane i heile fylket.
I fylkeslaget vårt er det laga rundt dei største byane som er dei største laga, naturleg nok. På Sunnmøre er det Ålesund som er "hovedstaden", i Romsdal er det Molde og på Nordmøre Kristiansund. Vi har lag i alle storleikar, frå Molde som omfattar 8-9 kommunar og difor har det største laget, til Ålesund og Kristiansund som også er større "bylag". I tillegg har vi ein god del mindre lag rundt ein del av tettstadane våre, som Volda/Ørsta, Sykkylven, Ulsteinvik/Hareid, Brattvåg, Sunndalsøra, Tingvoll og Surnadal. Vi har også til tider hatt fleire foreldrelag.
Fylkeslaget vart skipa i 1990, tel 2900 medlemmer (31.12.10), har 10 lokallag og 2 registrerte foreldrelag.
Leiar for 2011 er Elling Lindset fra Ulsteinvik.
Ønskjer du kontakt med fylkesstyret eller eit lokallag, sjå både i høgre- og venstremenyen på denne sida.