Ein "likemann" er ein samtalepart som er i same situasjon som du, men som kanskje er komen litt lenger i å leve med eit hørselstap. Det finst likemenn for ulike typar lidingar. Så dersom du har behov for å snakke med nokon i same situasjon, ta kontakt!
Likemannstenestene er gratis for deg, og likemennene får dekka m.a. reiseutgiftene sine. Likemennene har gjennomgått opplæring og har teieplikt.
Hos oss har vi tre likemenn for høreapparatbrukarar. Ta kontakt med den du ønskjer å snakke med, så kan de møtast eller ha telefonkontakt.
Klikk her og du finn kontaktinformasjonen til likemennene våre, HLF Haram står øverst på lista.