Velkommen til HLF Ytre Sunnmøre

Velkommen til nettsidene til HLF Ytre Sunnmøre. Laget er for menneske med hørselsvanskar i kommunane Ulstein, Hareid, Herøy og Sande.

 

Ein "likemann" er ein som er i same situasjon som du, men som kanskje er komen litt lenger i å leve med eit hørselstap. Det finst likemenn for ulike typar lidingar, men vi har berre likemenn for høreapparatbrukarar hos oss. Så dersom du er ny høreapparatbrukar, eller likevel har behov for å snakke med ein annan som har brukt høreapparat lenge, så har vi altså eit tilbod til deg. Likemannstenestene er gratis for deg, og dei får dekka m.a. reiseutgiftene sine. Likemennene har gjennomgått opplæring og har teieplikt.

Likemenn er tilstades på Frivillegsentralen i Ulsteinvik kvar tysdag kl. 1100 – 1300

Herøy kvar torsdag kl. 1100 – 1300.

Ønskjer du besøk i heimen er dette mogleg, kontakt:

Anna   70 01 06 51

Elling   70 01 11 06 / 92 60 28 15

 

Dersom du ønskjer meir informasjon om lokallagets arbeid, møter eller andre aktivitetar ta kontakt med din lokale kontaktperson. Ønskjer du sjølv å bidra for hørselssaka, er du også hjarteleg velkommen.

 

Tillitsvalgtssider

Kontaktinformasjon

Leder

  • Elling Lindset
  • 6065 Ulsteinvik
  • Mobil: 926 02 815