Nytt frå høyrselsfronten i fylket

Her kan du lese store og små nyhende frå Møre og Romsdal som handlar om høyrsel og HLF

Campingvogna - vår store satsing!

Campingvogna - vår store satsing! 25.6.2011

Ein to år gammal draum er no gått i oppfylling! Endeleg er campingvogna vi kjøpte i 2010 ferdig lakka og dekorert og klar til teneste på "dagar", messer og festivalar rundt om kring i fylket. Frå juni 2011 startar turnéen! Les meir...

Ti hørselstestarar på kurs 9.-10.april 2011

Ti hørselstestarar på kurs 9.-10.april 2011 26.5.2011

HLF Telemark var fyrst ute med å prøve ut pc-basert audiometri der frivillege no kan teste hørselen til folk, som eit lavterskeltilbod som skal gjere vegen til fagfolk lettare. No har HLF Møre og Romsdal følgt etter, og er klare med ti testarar!

Det nyvalde styret i HLF Møre og Romsdal for 2010

Det nyvalde styret i HLF Møre og Romsdal for 2010 8.5.2010

Årsmøtet i HLF Møre og Romsdal var halde søndag 7.mars på Hotell Alexandra i Molde. Elling Lindset vart ny leiar i fylkeslaget, etter Ragnhild Hals som gjekk av etter eitt år som leiar. Det vart for krevande å kombinere fylkesleiarvervet med småbarn heime

Inspirerande organisasjonskurs i fylkeslaget 6.-7.mars!

Inspirerande organisasjonskurs i fylkeslaget 6.-7.mars! 8.5.2010

Vi var heldige som fekk sjølvaste organisasjonssjefen i HLF til å lære oss om det siste som skjer i organisasjonen. Viktigaste saka var satsinga på HLF Briskeby, eit rehabiliteringssenter for høyrselshemma som vi no skal få til i fellesskap med staten.

Temadagen i Molde 2009 - mange deltakarar og topp program!

20.10.2009

Temadagen som HLF Molde hadde for fjerde år på rad handla i år om tilrettelegging for høyrselshemma i møterom, salar og skranker. I år var fylkesstyret med i komitéen. Fylkeslaget arrangerte aksjon i forkant om å få fleire skrankeslynger i butikkar.

Skrivetolka teaterframsyning var vellukka!

20.10.2009

Prosjektet "Skriften på veggen" plukka ut Møre og Romsdal som eitt av fem fylke der kulturarrangement skulle skrivetolkast. HLF Molde søkte på bakgrunn av eit samarbeid med Teatret Vårt om å få skrivetolka ei vanleg teaterframsyning. No vart det mogleg.

Tillitsvalgtssider