Ein to år gammal draum er no gått i oppfylling! Endeleg er campingvogna vi kjøpte i 2010 ferdig lakka og dekorert og klar til teneste på "dagar", messer og festivalar rundt om kring i fylket. Frå juni 2011 startar turnéen! Les meir...
Alt fire av våre ni lokallag har bestilt vogna for 12 arrangement i sommar og haust. I tillegg har 10 personar frå HLF Møre og Romsdal fått opplæring i pc-basert audiometri, slik at vi i mange tilfelle også kan tilby gratis hørselstest til publikum på slike arrangement. Dette kan skje i vogna om det er stille nok utanfor, eller i bygningar i tilknytning til vogna, som då vil fungere som stand. HLF Møre og Romsdal har i 2011 kjøpt inn det utstyret som skal til for å tilby gratis hørselstest. Vogna er rikt utrusta med stort lager av støyproppar for sal på festivalar og konsertar. Der er også eit stort lager av brosjyrer på hjelpemiddel frå mange hjelpemiddelleverandørar. I tillegg kan våre frivillege bu i den når dei tenestegjer!