Årsmøtet i HLF Møre og Romsdal var halde søndag 7.mars på Hotell Alexandra i Molde. Elling Lindset vart ny leiar i fylkeslaget, etter Ragnhild Hals som gjekk av etter eitt år som leiar. Det vart for krevande å kombinere fylkesleiarvervet med småbarn heime
Det var eit hyggeleg og velorganisert årsmøte som vart gjennomført søndag etter lunsj, og halde i etterkant av organisasjonskurset - ein god måte å gjere begge deler på. Årsmøtet vedtok ei pressemelding om at vi krev teleslynger på bussar, ferjer, hurtigbåtar og flyplassar i løpet av 2010! Valget gjekk også pent og pynteleg føre seg. Her er det nye styret, som er motivere og klare til å gjere Møre og Romsdal til det beste fylket å bu i for høyrselshemma!

Frå venstre: Reidunn Halle (kasserar), Artur Klauset (likemannskoordinator), Elling Lindset (leiar), Per Gisle Enge (sekretær og studieleiar) og Arve-Hans Otterlei (nestleiar)