Vi var heldige som fekk sjølvaste organisasjonssjefen i HLF til å lære oss om det siste som skjer i organisasjonen. Viktigaste saka var satsinga på HLF Briskeby, eit rehabiliteringssenter for høyrselshemma som vi no skal få til i fellesskap med staten.
Roar Råken hadde ein stor del av innhaldet på kurset. På organisasjonskurset deltok tillitsvalde frå HLF Ørsta/Volda, HLF Ytre Sunnmøre, HLF Ålesund, HLF Haram, HLF Molde, HLF Tingvoll, HLF Surnadal og HLF Kristiansund. I tillegg deltok valkomitéen og det avtroppande pg påtroppande styret i HLF Møre og Romsdal. I tillegg til mykje god informasjon om det som skjer i HLF for tida så fekk vi informasjon om frivillegmeldinga og kva Møre og Romsdal fylkesskommune har gjort med den utfordringa. Ikkje reint lite! Vi brukte også ein del av organisasjonskurset til å gå gjennnom vedtektene for fylkesårsmøtet, årsmøtesakene, valreglement og forretningsorden.