Ti hørselstestarar på kurs 9.-10.april 2011

Elling, Per Gisle og Håkon i djup konsentrasjon

HLF Telemark var fyrst ute med å prøve ut pc-basert audiometri der frivillege no kan teste hørselen til folk, som eit lavterskeltilbod som skal gjere vegen til fagfolk lettare. No har HLF Møre og Romsdal følgt etter, og er klare med ti testarar!

Kurset vart avvikla på Vestnes Fjordhotell ein laurdag og søndag i april. Einar Sunde Eliassen frå HLF Telemark var flogen inn som kurshaldar. Gjennom forelesingar, øvingar og atter øvingar byrja det etter kvart å sitje hos deltakarane. Sjølv med normale dataferdigheiter måtte deltakarane tenkje mykje, notere ein del og hugse veldig mykje. Einar oppfordra til å spørje og grave om alt folk lurte på.

Einar oppfordra deltakarane til å spørje mykje

Mesteparten av kurset bestod av praktiske øvingar. Deltakarane vart delt inn i to grupper og tok hørselstest på kvarandre på kvar sitt utstyr i to ulike rom. Både testaren og resten av gruppa måtte vere musestille mens testinga pågjekk. Pc-en gjorde jobben åleine akkurat då! Den som blir testa skal berre trykke på ein knott som ein held i handa kvar gong ein høyrer lyd i høyreklokka.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Einar (bak) viste også korleis deltakarane kan teste hørselen med iPhone.

 

Elles var kurset ei triveleg sosial oppleving! Ti topp motiverte frivillege frå HLF Møre og Romsdal, med fylkesleiar Elling i spissen, er no klar til å tilby gratis hørselstest på festivalar, "dagar" og messer.

Tillitsvalgtssider