Den skjulte funksjonshemminga

Etter kvart som hørsla går ned, går skuldrene opp. Det er slitsamt å vera hørselshemma fortel Inger Lovise Våge, rådgivar og audiopedagog ved NAV Hjelpemiddelsentral Rogaland.

 

Det er Yrkesaktivt Forum i HLF Haugaland, lokallaget i Hørselshemmedes Landsforbund, som står bak møtet, og folk har komme både frå Nord- og Sør-Rogaland.
Heile 15 prosent av det norske folk høyrer dårleg, og for dei mellom 40 og 60 år høyrer ti prosent svært dårleg. Det går ut over evna til å kommunisera, og rammar ikkje berre den enkelte, men også familie og arbeidskolegaer.

Ein høyrer ikkje telefonen, ikkje brannalarmen eller callingsystemet på sjukeheimen. Mange synes det er pinleg, og prøver å skjula at dei har hørselshemming, fortel audiopedagogen ved NAV Hjelpemiddelsentral Rogaland.

Klikk på bilete for å lesa resten av artikkelen frå Grannar.

Tillitsvalgtssider