Velkommen til HLF Sogn og Fjordane

 

HLF Sogn og Fjordane er tilslutta Hørselshemmedes Landsforbund - HLF - interesseorganisasjon for landets hørselshemma. På ideelt grunnlag samarbeider vi om å ivareta dei hørselshemma sine interesser.

Vi har kontaktpersonar for tinnitus, yrkesaktive, hørselshjelparar, pårørande hørselshemma, foreldrelag for hørselshemma og meniere i fylkeslaget. Hørselshjelparar og likemenn er det i mange kommunar, i alt åtte lokallag har vi i fylket vårt. Vi får stadig nye innmelde i HLF, ved utgangen av 2011 er vi 1203 medlemmer i fylkeslaget.
 
GODT NYTT HLF-ÅR! 

Med skulpturen av fjordhesten i Sandane sentrum ønskjer vi alle godt, aktivt nytt år for HLF. Gloppen kommune har også fjordhesten i kommunemerket sitt, difor høver det godt å presentere Breims-kunstnaren Alv Nyland sitt verk her. Skulpturen er ein kopi av den velkjende førstepremiehingsten "Dyre", mange reknar den for noko av det ypparste Alv Nyland laga. Kanskje vi i HLF har noko å lære av den gamle, ærverdige fjordhesten - stolt, arbeidssam og uthaldande i tenesta? (Foto: Odd Hansen).

Har andre lokallag bilete frå sine heimstader, ja, så sendt dei til heimesida og vi presenterer dei her. Vår- og sommarstid står fine biletmotiv ofte i "kø"!  Adressa er odd@firdatidend.no  eller  odd.hansen@enivest.net 

Følg med på nyheter fra HLF Sogn og Fjordane på vår Facebook-gruppe.

Ønskjer å du å snakke med nokon om ditt eller nokon i familien sitt hørselsproblem; ta kontakt med lokallaget der du bur, med ein av oss i fylkeslaget, eller med HLF sentralt. Vi står til teneste for medlemmene og lokallaga!

Vi du støtte HLF utan det kostar noko ekstra? Sjå meir om Grasrotandelen her! 

 

 

Likemenn i Sogn og Fjordane

Det er en rekke personer som har gjennomført HLFs kurs og fungerer som likemenn i Sogn og Fjordane. Her kan du se listen over tilgjengelige likemenn i Sogn og Fjordane, fordelt på lokallagene de tilhører.

Se alle likemenn

 

Nytt i Sogn og Fjordane

Styremøte 13. februar

2.2.2012

Måndag 13. februar heldt HLF Sogn og Fjordane styremøte i Nikodemusstova på Sandane. No er arbeidet retta først og fremst mot årsmøtet i mars, men og fram mot Landsmøtet i Bergen til sommaren.

Klart for nytt HLF-år!

4.1.2012

Godt nyttår til alle tillitsvalde og HLF-medlemmer! No er det like før fylkeslaget held det første styremøtet i 2012, og som vanleg spør vi etter innspel - ros eller ris - frå lokallaga. Ta kontakt om smått og stort!

Viktige val i HLF i 2012

Viktige val i HLF i 2012 22.12.2011

Årsmøte i lokallag, årsmøte i fylkeslag og ikkje minst på HLF sitt landsmøte har eitt felles: Det skal veljast engasjerte personar i viktige tillitsverv! Alle i HLF kan gje si stemme, frå grasrota og oppover. Det er kvar HLF'ar sin rett og plikt.

Heimesida "på lufta" igjen!

21.12.2011

Etter ei heller roleg tid og heller sjeldan oppdatering av heimesida vår, er vi no "på lufta" igjen. Vi minner om at heimesida er heile fylket si - så alle HLF'arar kan kome med innspel: Velkomen med dine ytringar - store og små!

Årsmøte i fylkeslaget 3.-4. mars 2012

21.12.2011

Lokallaga sine tillitsvalde og utsendingar bør setje ledig helga 3. og 4. mars. Då er det årsmøtehelg i HLF Sogn og Fjordane, og for første gong inntek HLF eit "nytt" Gloppen Hotell på Sandane.

Regjeringen sender millionregning til høreapparatbrukere

31.10.2011

I forslaget til neste års statsbudsjett, foreslår regjeringen å redusere utgiftene til høreapparat med 46 millioner kroner. Millionregningen sendes til landets høreapparatbrukere.

Likemennene i HLF er dei beste omdømmebyggarane!

Likemennene i HLF er dei beste omdømmebyggarane! 26.10.2011

HLF-omdømme på lokalt plan var tema for HLF Sogn og Fjordane si lokallagssamling på Skei 22. og 23. oktober. Samlinga gjekk på skulering i omdømme, for bedre å presentere HLF i lokalsamfunna. Fylkesleiaren viste også HLF-likemannsjakka (biletet).

Vi set ned eigenandelen til lokallagssamlinga

10.10.2011

HLF Sogn og Fjordane vedtok i siste styremøte å setje ned eigenandelen til lokallagssamlinga på Skei 22. og 23. oktober. For denne samlinga skal lokallaga betale berre 500 kroner for kvar utsending. Påmeldingsfrist er 13. oktober.

Tillitsvalgtssider

Styret i Sogn og Fjordane

Leder

  • Synnøve Solhaugen Engen
  • Postboks 57
  • 6921 Hardbakke
  • Tlf: 57 78 72 85
  • Mobil: 917 08 261

Nestleder

  • Odd Hansen
  • Kreklingen 6
  • 6823 Sandane
  • Tlf: 57 86 50 82
  • Mobil: 971 794 43

Sekretær

  • Åse Liv Lote
  • 6778 Lote
  • Tlf: 57 86 44 31

Kasserer

  • Ivar K. Halland
  • Stokke
  • 6826 Byrkjelo
  • Tlf: 57 68 72 67
  • Mobil: 416 97 303

Studieleiar

  • Audun Nedrebø
  • Ålhus
  • 6847 Vassenden
  • Tlf: 57 72 86 82
  • Mobil: 915 87 039

Varamedlem

  • Reinert Vigdal
  • Røslebakkane 4
  • 6868 Gaupne
  • Tlf: 416 95 248
  • Mobil: 977 60 966

Varamedlem

  • Gunnar Sjøtun
  • 6718 Deknepollen
  • Tlf: 57 85 10 46