HLF sine likemenn utfører noko av dei viktigaste arbeid i lokallaga. For å bli likemann må ein ha kurs og bli godkjent. HLF Sogn og Fjordane vil hjelpe til økonomisk for dei lokallaga som ønskjer det, går det fram av eit vedtak i styremøte 17. april.
21.- og 22. april var HLF-likemenn i full aktivitet med opplæring i å bruke audiometer. Einar Sunde Eliasen var kursleiar for dei fem likemennene, fire frå vårt fylke og Jorunn Fjermestad frå Rogaland.
Også i år blir det arrangert HLF-uke på Savalen Fjellhotell & Spa fra 21. til 25. mai. På programmet står Trim, trening, foredrag, allsang og dans - alt godt tilrettalagt for hørselshemmede.
Helga 3.-4. mars vart ei god arbeidshelg for tillitsvalde i lokallaga i HLF her i fylket. Både laurdag og søndag føremiddag var det kurs. Møteleiar Magne Sandvik losa dei frammøtta vel gjennom årsmøtet søndag ettermiddag, og fekk takk og blomar (biletet).
- HLF sin visjon er som å kome på toppen av fjellet! Så lokallagsarbeid er som ein Snøhetta-ekspedisjon, sa sentralstyremdlem Elin Rønnekleiv (biletet) då ho vitja HLF Sogn og Fjordane sitt årsmøte på Gloppen Hotell nyleg.
Torstein Eide, HLF Sogndal, Leikanger og Luster, fekk tildelt Heidersvasen under årsmøtesamlinga til HLF Sogn og Fjordane sist helg.
Årsmøtet i HLF Sogn og Fjordane sa klart frå om mangelen på audiografar her i fylket, såvel som manglande teleslyngeanlegg i Helse Førde. Dei to uttalene kan du lese på lenka til
NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane kjem til Eid onsdag 21. mars, til lokala til NAV Eid i Sentrumsbygget i Lotevegen 21. Hørselsdagen vert frå kl. 10 til 14.
Vi treng fleire audiografar her i fylket! Styret i HLF Sogn og Fjordane påpeikar dette i eit lesarbrev. Ein audiograf i kvar region, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord bør vi ha, meiner fylkesstyret.
Etter årsmøta og val i lokallaga kan vi med ganske god dekning bruke det gamle ordtaket: Gamle kostar feier best! Men vi set likevel eit spørsmålsteikn bak. Vi er ikkje heilt ajour med kven som er leiarar i alle lokallaga.
Ei gladmelding fekk fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen (biletet) her om dagen: Fylkeskommunen bladar opp 40.000 kroner til ny tinnitus-turné! I praksis har fylkeslaget økonomien for turnéen i boks, så no er det berre å ta til med planlegging.
Måndag 13. februar heldt HLF Sogn og Fjordane styremøte i Nikodemusstova på Sandane. No er arbeidet retta først og fremst mot årsmøtet i mars, men og fram mot Landsmøtet i Bergen til sommaren.
Godt nyttår til alle tillitsvalde og HLF-medlemmer! No er det like før fylkeslaget held det første styremøtet i 2012, og som vanleg spør vi etter innspel - ros eller ris - frå lokallaga. Ta kontakt om smått og stort!