Helse Vest - reduserte ventetider og ventetid for hørselshemma

Årsmøtet i HLF Sogn og Fjordane var samrøystes i si uttale til stortingsrepresentantar, Stortingets helse- og omsorgskomite, Helse Førde og Helse Vest om ventetid for tilpassing av høyreapparat.

Resolusjon
Frå:  Årsmøtet i HLF Sogn og Fjordane (Hørselshemmedes Landsforbund)  13. mars 2011.

Til: Stortingsrepresentantane Tor Bremer, Ingrid Heggø, Erling Sande,  Bjørn Lødemel og Åge Starheim.  Stortingets helse- og omsorgskomité. Helse Førde HF, Helse Vest RHF.


Helse Vest  – reduserte  ventetider  og ventetid for hørselshemma
I pressemelding 3. februar opplyser blir det opplyst at helseføretaka i Helse Vest i 2011 skal ha eit særskilt fokus på kvalitet og pasienttryggleik, blant anna gjennom å sikre gode pasientforløp. Vidare er det eit mål at ventetidene til behandling i spesialisthelsetenesta skal reduserast ytterlegare, og at det ikkje skal vere frisbrot.


HLF Sogn og Fjordane, fylkeslag for åtte lokallag med nær 1200 medlemmer, ser positivt på at ventetider blir redusert, men etterlyser tiltak som kan redusere ventetider for tilpassing av høyreapparat. Etter Folkehelsa sine statistikkar har Sogn og Fjordane 15.000 høyrselshemma som har bruk for høyreapparat.  Ventetid for å få tilpassa høyreapparat er langt over ”akseptabel” tid for – med eitt unntak – hørselsentralane i Helse Vest:


1. Stavanger Universitetssjukehus – 35 veker
2. Førde Sentralsjukehus – 32 veker
3. Haukeland Universitetssjukehus – 26 veker
4. Haugesund Sjukehus – 10 veker
(Kjelde: sykehusvalg.no)


Å vente over 12 veker kan medføre langsiktige, negative følgjer. Dårleg hørsel vil føre til redusert kapasitet på skule og i opplæringssituasjon. Det kan føre til sosial isolasjon, og i verste fall tap av jobb. Tiltak må setjast raskt i verk for å unngå isolasjon, uføretrygding, tap av livskvalitet og eit meiningsfullt liv.


Prioriteringsrettleiaren Helsedirektoratet gav ut i 2009 føreset av personar med betydeleg hørselstap skal ha tilpassing av høyreapparat innan 13 veker. Er det då forsvarleg at personar i yrkesaktiv alder skal vente så lenge på tilpassing av høyreapparat som tilfelle er i Helse Vest?


Førde Sentralsjukehus er, med 32 veker lang ventetid, og Stavanger Universitetssjukehus med 35 veker ventetid, er faktisk blant dei dårlegaste i landet på Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) sitt ”venteliste-barometer” der alle hørselsentralane i landet er med. Slik har det vore i fleire år – og slik vil det nok bli, om det ikkje blir  tatt grep for å redusere ventidene.


HLF Sogn og Fjordane etterlyser tiltak for raskare tilpassing av høyreapparat ved helseføretaka i regionen. Vi ser også fram til svar på kva grep styret i Helse Vest vil ta for at også hørselshemma med trong for høyreapparat skal få gode pasientforløp?

Tilbake

 

 

 

Tillitsvalgtssider