Årsmøte i fylkeslaget 3.-4. mars 2012
Sist oppdatert 21.12.2011 av Odd Hansen
Lokallaga sine tillitsvalde og utsendingar bør setje ledig helga 3. og 4. mars. Då er det årsmøtehelg i HLF Sogn og Fjordane, og for første gong inntek HLF eit "nytt" Gloppen Hotell på Sandane.
Studieleiar Audun Nedrebø har alt sikra møtelokaler og overnatting for dei som ønskjer det. Det kjem også utsendingar frå HLF sentralt, går det fram av referatet frå styremøtet 23. november.
Det går vidare fram at sentrtalstyret i HLF skal ha styremøte 13.-15. april 2012 i Sogn og Fjordane. Styret i fylkeslaget vil vurdere om dei skal ha styremøte på same tid, dette vil dei kome tilbake til.
Styret vedtok også lokallagssamling 20.-21. oktober 2012 på Sogndal Hotell.
Sjå elles Referat frå styremøte 23. november 2011