Heimesida "på lufta" igjen!
Sist oppdatert 21.12.2011 av Odd Hansen
Etter ei heller roleg tid og heller sjeldan oppdatering av heimesida vår, er vi no "på lufta" igjen. Vi minner om at heimesida er heile fylket si - så alle HLF'arar kan kome med innspel: Velkomen med dine ytringar - store og små!
Har du bilete til årsmeldinga?
Og denne gongen spør vi etter litt hjelp: Har du bilete frå ditt lag, eller frå ein HLF-aktivitet du vil dele med oss andre? Ja, så send det til heimesida.
Vi er snart i gang med å lage årsmelding for HLF Sogn og Fjordane, og då må vi ha med bilete som viser den viktige aktiviteten hørselslaga utfører.
Til fleire gode bilete vi får med, til bedre blir årsmeldinga vår, og det kan du vere med på!
Du kan sende bilete til odd@firdatidend.no eller til odd.hansen@enivest.net - eller om du har papirbilete til: Odd Hansen, Kreklingen 6, 6823 Sandane.
Tilbake