Hørselsboksen snart på vegen igjen!
Sist oppdatert 14.5.2009 av Odd Hansen
Sogn og Fjordane fylkeslag av HLF har Hørselsboksen i sommarmånadane mai, juni og juli, opplyser Magne Sandvik (biletet). Hørselsboksen er eit regionføretak, og pr. i dag er laga i Rogaland og Sogn og Fjordane kome godt i gang med bruk av boksen.
Sist sommar var meir enn hektisk for Team Hørsel, som Bergljot, Ragnhild Liv, Kristian og Magne kalla seg i hørselsboks-samanheng. Inneverande sesong er firkløveret blitt trio, Kristian har tatt ein pause, men dei tre andre er med for fullt.
- Det har vore ute meldingar til lokallaga vedkomande bruk av hørselsboksen i sommar, opplyser Team Hørsel-koordinator Magne Sandvik (biletet). - Vi har fått tilbakemeldingar på dei som ikkje har høve til å bruke boksen, seier han.
I slutten av mai er Hørselsboksen i Bergen, der den truleg blir med på ein del av ein turné HLF planlegg med Hurtigruta.
I Sogn og Fjordane er Hørselsboksen i sommar å oppleve i bruk følgjande:
4. juni - Florø. Stand på Amfi-Senteret frå kl. 11.00 og utover dagen.
13. juni - Svelgen. Svelgen AmCar-treff.
20. juni - Lærdal. Lærdalsmarknaden.
4. juli - Førde. Førde Internasjonale Musikkfestival.
11. juli - Aurland.
Dersom Hørselsboksen ikkje blir nytta her i fylket etter arrangementet i Aurland 11. juli, blir den då køyrt til Stavanger. Dette for å spare frakt.
Magne Sandvik er Hørselsboks-koordinator her i fylket, og såleis personen våre lokallag kan kontakte for evt. bruk. I Rogaland er det Håkon Hognestad ansvarleg, han er frå no av boksansvarleg i regionen, får vi opplyst.
Har nokon bilete av boksen i bruk, eller erfaringar frå bruk av Hørselsboksen dei ønskjer formidle til andre; ja, så gje eit ord til heimesida!
Tilbake