Krav om kortare ventetider ved hørselsentralane i Helse Vest

Sist oppdatert 17.4.2010 av Odd Hansen

Krav om kortare ventetider ved hørselsentralane i Helse Vest

Dei tre fylkesleiarane, frå venstre: Synnøve S. Engen, Einar Stenland og Anne-Britt H. Johannesen arbeider for tida aktivt i lag om ein ting: Få kortare ventetider for tilpassing av høyreapparat ved hørselsentralane i Helse Vest.

- Omlag 700.000 personar her i landet har hørselstap. Dei fleste av desse har behov for høyreapparat. Ventetida for tilpassing av høyreapparat ved de ulike Hørselsentralane i Helseregion Vest er gjennomgåande for lang, uttaler Regionsamlinga i HLF Region Vest – fylkeslaga HLF Sogn og Fjordane, HLF Hordaland og HLF Rogaland – i ein resolusjon etter kurshelg i Bergen 9.-11. april.

Prioriteringsrettleiaren Helsedirektoratet gav ut i 2009 forutset at personar med betydeleg hørselstap skal ha tilpassing av høreapparat innan 13 veker.

Med unntak av Hørselsesentralen ved Haugesund Sjukehus, er ventetida langt over  ”akseptabel” tid for samtlege hørselsesentralar i regionen.

1. Førde Sentralsjukehus, 32 veker
2. Stavanger Universitetssjukehus, 24 veker
3. Haukeland Universitetssjukehus, 20 veker
4. Haugesund Sjukehus, 12 veker

Å vente over 12 veker kan raskt medføre langsiktige, negative følgjer. Dårlig hørsel kan i verste fall føre til tap av jobb, redusert kapasitet på skule og i opplæringssituasjon og sosial isolasjon. Det er viktig å setje inn nødvendige tiltak i løpet av kort tid. Uansett om ein har moderat  eller et sterkt hørselstap skal ein ikkje være nøydde til å vente lenger enn 12 veker. Tiltak må settast raskt i verk for å unngå isolasjon, uføretrygding og tap av livskvalitet og meiningsfullt liv.

Det synes heilt klart at det er viktig at helseforetaket set auka fokus på hørselsproblematikken.

- Regionsamlinga i HLF Region Vest ber styret for Helse Vest om å ta grep og setje i verk nødvendige tiltak for å få ned ventetida i samsvar med prioriteringsrettleiaren. Det må gjerast noko med dei uhaldbare ventetidene for høyreapparattilpassing ved dei ulike hørselsentralane i helseregion Vest, heiter det til slutt i resolusjonen.

 

Tilbake

 

 


 

Tillitsvalgtssider