Likemennene i HLF er dei beste omdømmebyggarane!

Sist oppdatert 26.10.2011 av Odd Hansen

Likemennene i HLF er dei beste omdømmebyggarane!

HLF-omdømme på lokalt plan var tema for HLF Sogn og Fjordane si lokallagssamling på Skei 22. og 23. oktober. Samlinga gjekk på skulering i omdømme, for bedre å presentere HLF i lokalsamfunna. Fylkesleiaren viste også HLF-likemannsjakka (biletet).

- Det tar tid å bygge opp eit godt omdømme, sa fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen innleiingsvis. – Folk flest sin kunnskap er frå gode rykter, kunnskap, fordommar, myter og meiningar. Likemennenne i HLF er dei beste omdømmebyggarane vi har. Yrkesaktive er også gode byggarar i sin sosiale omgang med medarbeidarar.

Fylkesleiaren tok også fram tinnitusturnéen - som ho har lagt ned eit stort arbeid i - samarbeidet med skulane, og i tillegg det å bruke pressa og face-book for å kommunisere om HLF.

Fylkesordførar Nils R. Sandal var invitert det å gje motivasjon og inspirasjon. – Det er viktig med fellesskap når ein skap jobbe med prosjekt, poengterte han. – Sogn og Fjordane er det fylket som har gjeve mest fellesskap fram gjennom tidene. Det er viktig at alle har god tru på seg sjølv om det ein skal bringe vidare til andre. Sosial tryggleik mellom partar er og viktig for å bli motivert på det ein driv med, sa Sandal. Han peika og på at kultur er ein god motivasjon, det er det sosiale fellesskap som driv alle saman.

Avslutningsvis sa Nils R. Sandal seg imponert over satsingsområdet i HLF sin organisasjon. Dette var fylkesordføraren sin siste oppgåve før han takkar for seg på fylkestinget. Frå HLF fekk han takk og gåve frå fylkesleiaren.

Ole Rønningen, omdømmebyggar i HLF, var med som kursleiar i omdømmebygging. Rønningen var tidlegare lærar i ungdomsskulen i Drammen. Han er styremedlem i HLF Briskeby Kompetansesentert og likemann i meniére i Buskerud fylke.

- HLF sin visjon er å gjere det betre for hørselshemma i landet vårt. Alle som er likemenn må sende inn rapport over dei personane dei hjelper. Dette for at staten betaler inn eit lite beløp til HLF sentralt for kvar person.

Ole Rønningen (biletet) poengterte at omsorg er at vi møter alle ut frå dei problema dei har. HLF må ligge i ryggmargen til alle oss medlemmer. Det vil vere god reklame for HLF. Sterkt omdømme er god tillit og truverde. Eit viktig verktøy er hørselsboksen. Han ønskte at kvart fylke hadde sin omdømmeambassadør, slik Synnøve Solhaugen Engen er for Sogn og Fjordane. - HLF Sogn og Fjordane står på 1.-plass i arbeid for HLF hørsel, sa Ole Rønningen.

Fylkesleiaren takka Rønningen med gåve for god lærdom. Ho lova å arbeide for eit mål;  ved utgangen av 2012 vil ho ha skaffa HLF Sogn og Fjordane 10 nye likemenn. På siste styremøte i fylkeslaget vart det vedteke at det i 2012 blir sett opp likemannskurs og studiekurs for medlemmene.

Det sosiale ved samlinga vart heller ikkje gløymt. Deltakarane vart inviterte opp i Gamlehuset, der sjefen sjølv, Jon Skrede, hadde fyrt opp peisen og kveikt alle lysa. Meisterspelemann Arne M. Sølvberg spelte hardingfele, munnspel og seljefløyte, og gav ei fin, minnerik stund.

Søndag oppsummerte deltakarane korleis ein arbeidde i lokallaga. Dei 17 deltakarane fordelt på fem grupper måtte vise fram resultatet med å lage måleri over det som var viktig at ta fram i hørselsarbeidet.

Referent: Lillian Holvik, HLF Vågsøy.

 

Tilbake

 

 

Tillitsvalgtssider