Vi set ned eigenandelen til lokallagssamlinga

Sist oppdatert 10.10.2011 av Odd Hansen

HLF Sogn og Fjordane vedtok i siste styremøte å setje ned eigenandelen til lokallagssamlinga på Skei 22. og 23. oktober. For denne samlinga skal lokallaga betale berre 500 kroner for kvar utsending. Påmeldingsfrist er 13. oktober.

Studieleiar i HLF Sogn og Fjordane, Audun Nedrebø, tok opp dette med eigenandelen lokallaga skal betale, på bakgrunn av spørsmål han har fått. Tidlegare vedtak har sagt at eigenandelen skal vere maks. 1000 kroner.

Styret seier i vedtaket at HLF har god økonomi, og det er ønskjeleg at det kjem flest mogeleg på samlingane. For lokallagssamlinga 22.-23. oktober på Skei vert eigenandelen kr 500,-.

 

Tilbake

 

Tillitsvalgtssider