Viktige val i HLF i 2012
Sist oppdatert 23.12.2011 av Odd Hansen
Årsmøte i lokallag, årsmøte i fylkeslag og ikkje minst på HLF sitt landsmøte har eitt felles: Det skal veljast engasjerte personar i viktige tillitsverv! Alle i HLF kan gje si stemme, frå grasrota og oppover. Det er kvar HLF'ar sin rett og plikt.
Er du klar til å vere med på mange viktige val i 2012?
Lokallaga
For å halde tidsfristane som gjeld i dei åra det er landsmøte, må lokallaga halde sine årsmøte innan 15. februar. Lokallaga skal sjølvsagt velje personar til tillitsverv i laget, i tillegg skal det veljast utsendingar til fylkeslaget sitt årsmøte. Så skal lokallaget / medlemmer i lokallaget også gjere framlegg om utsendingar frå Sogn og Fjordane til HLF sitt landsmøte. I følgje vedtektene § 4 skal: "lokallagenes årsmøte foreslå landsmøtedelegater overfor fylkeslagets årsmøte, det året det arrangeres".
Fylkeslaget
må halde sitt årsmøte innan 15. mars. Forutan fylkeslaget sitt eige val til styre og andre verv, skal det - i følgje vedtektene § 14.3, pkt. 12.4 veljast "delegater og varadelegater til landsmøte det året det arrangeres. Delegater og varadelegater velges blant foreslått kandidater fra lokallagene". Fylkesstyret eller valkomiteen legg fram ei liste med alle føreslegne kandidatar, utan innstilling. Fylkesleiaren skal utsending til landsmøtet, og skal ikkje veljast.
HLF sitt landsmøte 2012 vert halde i Bergen 29. juni til 1. juli.
Valet skal vere skriftleg- kvar røysteføre på fylkesårsmøtet set opp namn på kandidatane ein vil velje, etter framlagt liste over føreslegne kandidatar og med tal på kor mange utsendingar fylket kan sende - utanom fylkesleiaren.
Viser røystinga fleire utsendingar enn fylket kan sende, skal den med færrast røyster strykast og ein veljer på nytt melom dei kandidatane som var stemt på første gong. Slik held ein på til ein kjem ned i det talet på utsendingar fylket kan sende. Ein bør heller ikkje gløyme å velje 2-3 vara. Er det føreslege for få utsendingar, må årsmøtet gjere vedtak om korleis fylkeslaget skal løyse det.
Framlegg på kandidatar til sentrale verv
Lokallaga sitt årsmøte kan også sende framlegg på kandidatar til sentrale verv til fylkeslaget rett etter årsmøtet er halde. Her er det godt å vite: Alle medlemmer i HLF har forslagsrett. Kandidaten må vere spurt på førehand og sagt seg viljug til å stille til val. Fylkeslaget nominerer så kandidatane og sender dei til valkomiteen sentralt innan 1. mars 2012.
Ja, her kan alle i HLF vere med. Godt val!
Tilbake