Årsmøtet i HLF Sogn og Fjordane 13. mars 2011 vedtok retningslinjer for tildeling av utmerkinga "Heidersvase". Forslaget vart lagt fram for årsmøtet av styret, og vart samrøystes vedteke. Retningslinjene er som følgjer:
Retningslinjer for prisen ”Heidersvase”
1.
HLF Sogn og Fjordane ønskjer å gje denne prisen til personar som medverkar til å synleggjere at eit godt samfunn for høyrselshemma er et godt samfunn for alle, og at universell utforming er viktig for at vi skal meistre kvardagen som høyrselshemma gjennom livsløpet frå barn til alderdom.
2.
Ein skal gje prisen til ein initiativrik person som med sine idear har betra livskvaliteten for andre med høyrselshemming og har gjort ein stor frivillig innsats i lokalsamfunnet/fylket for høyrselssaka.
o Det kan vere ved å påverke gjennom bl.a. interessepolitisk arbeid og anna innsats.
o Ho/han har med sine idear og arbeid medverka til eit samfunnet der ein er meir opne om hørselshemming, og der ein legg vekt på å inkludere hørselshemma.
o Ho/han har gjennom å vere til stades som medmenneske gjennom likemannsarbeid i lokallaget vore med å gje høyrselshemma ein betre kvardag.
3.
Heidersvasen skal helst tildelast medlemmer av HLF. Men andre kan og vere aktuelle om dei tilfredsstiller kriteria i punkt 2.
4.
Fristen for å sende inn forslag på kandidat er 1.desember kvart år.
5.
Heidersvasen skal delast ut på fylkeslaget sitt årsmøte.
Fylkesstyret tek mot forslag på kandidatar og avgjer kven som skal få prisen.
6.
Namnet på prisvinnar vert kunngjort på fylkesårsmøtet.
7.
Prisen er ein vase.
Vasen er laga av Nøstetangen Glass i samarbeid med HLF Buskerud fylkeslag. Fargen er koboltblå som er ein historisk farge frå Blåfargeverket. Det er og ein farge som symboliserer det reine i naturen.
Vasen har ein fot forma som ein ring som speglar fargane og symbolikken til HLF sin logo. Dette er ringane i vatnet som spreier seg ut til alt folk.
Det er inngravert ”HLF Sogn og Fjordane” på foten.
Tilbake