Retningslinjer for utstyr - høyrselstesting

HLF Sogn og Fjordane har nokre år nytta hørselsboksen til hørselstesting. Fylkeslaget kjøpte nyleg automatisk audiometer med nødvendig tilleggsutstyr. Retningslinjer for utstyret vart vedteke av årsmøtet i Førde 13. mars 2011. Dei er sålydande:

Retningslinjer for utstyr - høyrselstesting

HLF Sogn og Fjordane har investert i nytt utstyr for testing av høyrsel - Automatisk audiometer: Dette består av ei datamaskin, øyretelefonar (head-set)og ein skrivar + diverse tilbehør.

1. Audiometeret er eigd og forsikra av Fylkeslaget, og det er Fylkeslaget som koordinerer utlån og bruk av audiometeret. Når audiometeret ikkje er i bruk skal det vere lagra på Fylkeslaget sitt kontor i Førde. Den som kvitterer ut audiometeret frå kontoret er ansvarleg for at utstyret blir behandla på ein trygg og god måte. Audiometeret vert levert tilbake til kontoret dersom ikkje anna vert skriftleg avtalt. Oppstår det feil eller skade på utstyret, skal testen stansast og feil meldes til Fylkesstyret v/leiar.


2. Audiometeret skal berre brukast av likemenn / fagpersonar som på førehand har fått opplæring i bruk av dette.


3. Det skal ikkje lagrast data på audiometeret. Når høyrselstesten er tatt og testpersonen har fått sitt audiogram, skal testen slettast medan testpersonen ser på.


4. Barn / ungdom under 16 år skal ikkje testast utan at foreldre eller føresette godkjenner det.


5. Lokallag eller andre som vil nytte seg av audiometeret skal i god tid i førevegen melde det til Fylkeslaget. Laga skal og sørge for eigna lokale og nødvendig utstyr, som bord og stolar. For å få optimalt utbytte av høyrselstesten må audiometret nyttast i eit skjerma rom. Rommet må ha tilgang til straum, då audiometret har eit batteri med avgrensa kapasitet. Dei økonomiske utgiftene til dette er det lokallaga sjølve som dekker.


6. Lokallaga må også ha personar / likemenn til stades som hjelper til på standen - til utdeling av brosjyrar, sal av batteri o.l., i det heile vera HLF sine ambassadørar. Lokallaga er sjølve ansvarlege for utgiftene i samband med dette.


7. Utgifter som fylkeslaget sine tillitsvalde har - også frakt av audiometer - vert dekt av fylkeslaget. Er det folk få lokallaget som fraktar utstyret, er det dei som dekkjer kostnaden.


8. Alle som er testa skal møte ein tillitsvald som har erfaring i å snakke med ein testa person / høyrselshemma. Likemannen skal kunne lese eit audiogram, men utalar seg ikkje som fagperson. Høyrselstesten HLF Sogn og Fjordane tek er retningsgjevande. Vi gjev råd til testpersonen. Avvik høyrselstesten frå det ”normale” rår vi vedkomande til å oppsøkje fastlegen for tilvising til høyrselssentralen.

Tidlegare erfaring med bruk av Høyrselsboksen syner at dette er omdømmebygging i praksis. Vi må arbeide på alle plan for å gjere ein god jobb. Vi er ikkje fagpersonar, men gode likemenn på kvart vårt område.


Har vi med fagperson - audiograf eller helsesøster - er dei ansvarlege for testen.
 

Tilbake

 

 

 

Tillitsvalgtssider