Etter påtrykk frå HLF Sogn og Fjordane har Helse Førde ei tid prøvt mobiltelefonnr. som døve/døvblitte og sterkt tunghørte kunne bruke for å kontakte legevakta. No meiner årsmøtet i fylkeslaget det er på tide å få SMS nasjonalt nødnummer for denne gruppa.
Resolusjon
Frå: Årsmøtet i HLF Sogn og Fjordane (Hørselshemmedes Landsforbund)
13. mars 2011.
Til: Stortingsrepresentantane Tor Bremer, Ingrid Heggø, Erling Sande,
Bjørn Lødemel og Åge Starheim. Stortingets helse- og omsorgskomité.
Helse Førde HF, Helse Vest RHF.
SMS nasjonalt nødnummer for døve og sterkt tunghørte
Nødnummer 110, 112 og 113 er gjennom fleire år innarbeidde som telefonnummer ein kan ringe til lokal nødsentral for å kome i kontakt med offentleg hjelp i nødsituasjonar. For tida blir det diskutert å samle alle nødnummer under eitt.
Helsevesenet meiner at det er ein stor fordel for publikum å kunne ringe direkte til medisinsk fagpersoner som straks kan gi nødvendig råd og sende ambulanse ved behov. Dei ser det som ei ulempe at alle nødsamtalar skal slusast gjennom eitt nødnummer, for så å bli sett vidare over til medisinsk fagpersonell. Det tek lengre tid sidan det er svært mange feilanrop til 112, og fordi innringar må forklare seg fleire gonger etterkvart som dei blir sett over. Ved t.d. hjerneslag og hjerteinfarkt betyr kvart sekund i forkorta responstid at sjansen for å overleve – og utan skade – aukar.
Ei stor gruppe står her i fare for å bli sett ”på sidelinja” – døve og sterkt tunghørte. Er denne gruppa med i diskusjonen om nasjonalt nødnummer?
I Helse Førde har det – etter påtrykk frå HLF Sogn og Fjordane – ei tid vore sett i gang ei prøveløysing med mobiltelefonnummer 415 30 545 som døve / døvblitte / sterkt tunghørte kan bruke for å kontakte legevakta. Om ein her ikkje får svar innan 5 minutt, blir ein rådd til å ringe 113! Det er også lagt til ein del føringar i tekstmelding frå brukarane for å kvalitetssikre sms-løysinga. Nødnummeret er heller ikkje kunngjort saman med andre nødnummer i helseføretaket, berre gjennom ”jungeltelegrafen”.
HLF Sogn og Fjordane meiner at slik kan ein sjølvsagt ikkje ha det. Eit nasjonalt SMS nødnummer på linje med dei andre er viktig for svært mange av landets 700.000 hørselshemma. Også denne gruppa skal ha rett til å vere trygg på at ein kan nå fram på nasjonalt nødnummer.
Til orientering kan vi opplyse at Island har teke SMS nasjonalt nødnummer for døve og tunghørte i bruk – dei nyttar 112.
Årsmøtet i HLF Sogn og Fjordane ber om at det snarast blir sett på dagsorden sak om SMS nasjonalt nødnummer for døve og sterkt tunghørte – for heile landet.
Tilbake