Dikt - Tunghøyrt


Tunghøyrt.

Livet var lyst og dagen så lett,
Alt var som det dansa med kåte sprett
Og tonen du høyrde, ein fin melodi
Den nynna i hugen til kvar ei tid.

Men livets gang den krev og noko meir
Kanskje ditt arbeid skal rekka til fleir ?
Kanskje du ikkje fekk velja din veg,
Men taka imot ståket den førde med seg!

Kan henda det vart både bråk og smell
Men du var så ung, du tålte det lell
Me veit om du filer på same streng,
Så vil den nok brotna, ja før me det treng.

Slik vart det vel ogso med tonen så fin
Kvar vart den vel av, denne tonen min ?
No høyrde du sus og snart kom det ein ”dott”,
Og so fekk du vanskar, var det gråt eller lått ?

Du prøvde og streva, for å høyra så vel.
Du drog litt på smilen, som om du var sæl.
Men so laut du sanna- eg høyrer so lite-
Og aller verst er det, når mange der site.

So søkte du råd, og hjelp skulle få.
Men endå var vanskar, med ordi forstå.
Du misser så mykje du trengde og høyra.
Føler deg utestengd, på grunn av ditt øyra.

Men likevel, takksame er me då alle
For hjelpa me får, og mot livet me kalle.
Tenk alt me får sjå, og oppleva av under.
Då vert det nok smått, både sus og litt dunder.

Eg helsar dykk alle, - som er framand for meg-.
Men veit , me går etter den same veg.
Og kunne me stundom høyra tonen så fin,
Det gjev gleda, lik vakraste kveldsol som skin.


Bjarne Sylvarnes, Vangsnes 2010.

Foto: Birger Areklett

Tillitsvalgtssider