Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velje eitt lag eller ei foreining du vil støtte - din Grasrotmottakar. Vi oppfordrar deg til å støtte HLF Sogn og Fjordane, og det utan at det kostar deg noko ekstra.
Du kan spele Lotto, Tipping og Joker t.d. - og samstundes gje støtte til det laget eller den foreininga du sjølv ønsker. Det er mogleg med Grasrotandelen.
Ved å spele med Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen din gå direkte til laget du støttar (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk deg at Grasrotandelen ikkje går ut over innsatsen eller premien din - du blir ikkje belasta noko for å vere grasrotgjevar. Du treng Norsk Tipping sitt Spelarkort for å knytte deg til Grasrotandelen. Spelarkort får du kjøpe hjå kommisjonæren, eller du kan bestille det på www.norsk-tipping.no
Vi oppfordrar deg til å knytte deg til ordninga alt i dag. Det kan du gjere på ein av følgjande måtar:
- Hos kommisjonær. Ta med deg strekkoden og spelarkortet til ein av Norsk Tipping sine kommisjonærar. Skriv ut sida her med strekkoden på.
- SMS: GRASROTANDELEN 971363444 til 2020 (tenesten er gratis).
- Internett. grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no
Treng du meir informasjon finn du det på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følgje med kor mykje Grasrotandelane utgjer for dei enkelte mottakarorganisasjonane.
