Velkomen til nettsidene til HLF Førde og omland. Her vil du finne nytt om det som skjer i laget. Du vil finne informasjon om alle arrangement laget skal ha her.
Lokallaget er eit av 200 lokallag i HLF (Hørselshemmedes Landsforbund).
Laget vart skipa på Sunnfjord Hotell i Førde 15 sept.1992,og tolv personar melde seg som medlemmar. I 2010 ligg medlemstalet på rundt 240.
Laget dekkjer eit stort geografisk område som famnar kommunane Førde, Jølster ,Naustdal, Gaular, Askvoll, Høyanger, Solund og Hyllestad.
Aktiviteten til laget har vore omtrent den same så lenge laget har eksistert: Kvart år har vi vanlegvis eit eller to åpne møter, gjerne med eit tema. Vi har også dei fleste åra hatt ein tur/utflukt. I tillegg har vi tradisjon med juletreff med julemiddag. Utanom dette har det vore treff/utflukter i samarbeid med andre lag. På desse samankomstane vert det gjeve informasjon om kva som skjer på lokalt-, fylkes-og landsplan.
FELLES SOMMARTUR
HLF Flora/Bremanger har invitert vårt lag og HLF Gloppen på ein fellestur søndag 28 august 2011. Turen går til Steinvik Fiskefarm forbi Eikefjord og det nyopna laksemuseet der. Hit kjem vi omlag kl.13.30.Vidare går turen til "Trollstova" på Ramsdalsheia.
Her vert servert betasuppe. Frammøte kl.15.00. Fylkesleiaren,Synnøve Engen, vil orientere om nytt frå HLF. Kaffi og kaker høyrer også med. Moroa kostar kroner 150.
Opplysningar om transport får du ved påmelding. Sjå også utsendt skriv til medlemmane. Du kan melde deg på innan 15 august til Audun Nedrebø på tlf.57728682 eller 91587039.
GRASROTANDELEN
Husk at du kan støtte arbeidet for dei hørselshemma i fylket gjennom å velgje fylkeslaget som din grasrotmottakar hos Norsk Tipping.Dette kostar deg ikkje noko.Berre informer din tippekommisjonær om dette.Org.nr.er: 971363444.