2. juni 2009
Kl. 17.00
FI-senteret, Fjellvegen 10, 6800 Førde
Protokollen går til styremedlemmer og varamedlemmer
Fylkeskontaktar og kontaktpersonar
Lokallaga i Sogn og Fjordane
Øyvind Larsen, sentralstyremedlem
HLF sentralt.
Til stades: Leiar Synnøve Solhaugen Engen, nestleiar Odd Hansen, kasserar Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø.
Forfall: Sekretær Jorunn Anita Buene.
Sak 27/09 Godkjenning av innkalling og sakliste. Godkjent.
Sak 28/09 Godkjenning av protokoll frå styremøte 25. mars 2009. Godkjent merknader.
Sak 29/09 Økonomi. Kasserar Ivar Halland orienterte. Pr. dags dato er økonomien bra. Det har kome inn tilskot frå Helse Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane og studiemidlar frå HLF. Landsmøtet i HLF i Harstad vil gje ein del utgifter.
Sak 30/09 Regionsamling region Vest, 26.-27. september 2009 i Bergen. Hordaland fylkeslag står som arrangør. Samlinga er fylkesstyresamling. Tema: Media. Fylkeslaget gjekk inn for å halde styremøte 25. september.
Sak 31/09 Landsmøtet i HLF, i Harstad 12.-14. juni 2009. Magne Sandvik, fastmøtande 1. vara til sentralstyret, var med på denne saka. Det vart diskutert litt om saker Landsmøtet kjem til å ta opp, og frå møtet i Bergen nyleg, der utsendingane frå region Vest var samla til førebuande møte før Landsmøtet.
Sak 32/09 Referatsaker. Det vart referert frå følgjande: Brev til lokallaga om kontaktpersonar i kommunar det ikkje er lokallag. – Takkebrev til Helse Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane for tilskot – Brev til brukarutvalet i Helse Vest om, etter vår meining, lågt tilskot – Brev om SMS og interkommunal legevaktteneste. Kommunikasjon med døve/tunghørte – Stand i Stardalen 25.-26. april 2009 – Ope møte i Høyanger 27. mai 20009 – Kurs LMS, Helse Førde, høyreapparatkurs, tinnituskurs og kurs for yrkesaktive – Assistert evakuering ved brann – Briskeby, brosjyre hørsel, NAV.
Sak 33/09 Team Hørsel / Hørselsboksen. Betaling for transport av Hørselsboksen, og dekking av utgiftder for Team Hørsel.
Vedtak: Utgifter vedk. Transport av Hørselsboksen og utlegg for Team Hørsel må brukarane (lokallaga) sjølve dekke. Det kan søkast fylkeslaget om delvis dekking av utgiftene. Fylkeslaget rår elles lokallaga til å skaffe sponsorar for økonomisk støtte ved bruk av Hørselsboksen.
Det vart ikkje vedteke tid/stad for neste styremøte. Leiar og styremedlemmene som deltek på Landsmøtet, kjem med innspel om det etter møtet i Harstad.
Møtet slutt kl. 20.45.
Odd Hansen, skrivar
Tilbake