Protokoll frå styremøte 23. oktober 2009

Protokoll fra styremøte i HLF Sogn og Fjordane Dato: 23. oktober 2009. Sted: Nordfjord Hotell, Nordfjordeid. Kl. 17.00.

Tilstades: Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, nestleiar Odd Hansen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, varamedlem Gunnar Sjøtun.
Forfall: Sekretær Jorunn Anita Buene.

Oddrunn Laila Lillestøl, HLF Midtre og Indre Nordfjord, var på første delen av styyremøtet for å orientere om ”programdelen” for lokalsamlinga.

Skrivetolkar: Gro Hege Sundbotten og Janne Skongaard Kristiansen. Cecilie Nordnes var med på første del av styremøtet.

 

Sak 55/09  Godkjenning av innkalling og sakliste
Vedtak: Innkalling og sakliste vart godkjende.

Sak 56/09  Godkjenning av protokoll frå styremøte 18.08. 2009
Vedtak: Protokollen frå styremøtet 18.08. 2009 vart godkjent.

Sak 57/09  Økonomi
Ivar orienterte om fylkeslaget sin økonomi. Halvårsrekneskapen viste litt minus i høve det budsjetterte, men pr. 23. oktober har dette retta seg.

Sak 58/09  Kurs
Oddrunn Laila Lillestøl orientere om programmet HLF Midtre og Indre Nordfjord hadde lagt opp til under lokallagssamlinga. Omvisning i operabygget og DVD med bryllupsfeiring, ølbrygging og brudepynting stod på programmet, kunne ho fortelje.
Lokallaga hadde gjennomført studiearbeid i forkant at lokallagssamlinga. Tema: HLF og omdømmebygging. Dette skulle presenterast på samlinga.
Det vart vidare diskutert eit evt. trinn 2-kurs for lokallaga sine heimesider.
Fylkesstyret drøfta tid og stad for regionskursa 2010 som vart invitert til på styresamlinga i HLF Vest i Bergen 25.-27. September.
Vedtak: HLF Sogn og Fjordane går inn for at fylkesstyre- og fylkeskontakt-samling 9.-11. april 2010 og yrkesaktiv-samling 3.-5. september 2010 blir haldne i Stavanger.

Sak 59/09  Referat frå styresamling i HLF Vest i Bergen
25.-27. september
 
Synnøve skreiv referat og sende ut til styremedlemmer i dei tre fylkeslaga i etterkant av styresamlinga i region HLF Vest. Det var ikkje merknader til referatet.

Sak 60/09  Namne-endring i HLF, vedtak frå Landsmøtet 2009.
Det vart poengtert at namne-endringa er vedteken på landsmøtet. Det gjev ingen praktiske problem for fylkes- og lokallaga.

Sak 61/09  Hørselsboks til HLF Sogn og Fjordane
Det er komne til nye opplysningar frå m.a. HLF Buskerud vedk. evt. kjøp av hørselsboks.
Vedtak: Saka blir utsett til HLF Buskerud har prøvt ut sitt prosjekt.

Sak 62/09  Årsmøte 2010 i HLF Sogn og Fjordane
Styret diskuterte stad for årsmøtet 2010. Studieleiar Audun Nedrebø har innhenta pris frå hotell i Førde. Diskusjonen gjekk også på om lokallaga burde få seie sitt om stad for årsmøtet.
Vedtak: Årsmøtet 2010 blir halde 13. og 14. mars. Lokallagssamlinga får uttale seg om kvar årsmøtet i HLF Sogn og Fjordane 2010 bør haldast.
     
Sak 63/09  Eventuelt
SMS-varsling på nødnr. Synnøve har fått telefon frå Øyvind Dahl. Han kunne fortelje at ein vil  begynne med SMS-varsling her i fylket. Det må først veljast eit eige nr. for Sogn og Fjordane. HLF Sogn og Fjordane er særs positive til at SMS-varsling kjem i gang her i fylket. Då ordninga kjem i gang, vil den bli publisert på fylkeslaget si heimeside.

HLF Aurland. Leiar refererte brev frå organisasjonssjef Roar Råken i HLF. Råken ber om at HLF Sogn og Fjordane tar initiativ til årsmøte 2010 i Aurland. Det vil fylkeslaget gjere. Frå fylkesstyret møter då: Synnøve Solhaugen Engen, Ivar Halland og Odd Hansen. Fylkeslaget vil be om at også organisasjonssjef Roar Råken frå HLF blir med.

Sak 64/09  Referatsaker
Synnøve refererte om takkekort frå Inger Holm.

 

Skrivar:
Odd Hansen

    

Tilbake til møter i fylkeslaget

   

 

Tillitsvalgtssider