Nikodemusstova, Sandane
Onsdag 24. juni 2009 kl. 17.00
Tilstade: Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, kasserar Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø og nestleiar Odd Hansen
Forfall: Sekretær Jorunn Anita Buene.
Sak 33/09 Godkjenning av innkalling og sakliste
Vedtak: Ok – ingen merknader.
Sak 34/09 Godkjenning av porotokoll frå styremøte 2. juni 2009.
Vedtak: Ok – ingen merknader.
Sak 35/09 Økonomi.
Kasserar Ivar Halland orienterte. Fylkeslaget har god orden på økonomien.
Sak 36/09 Kurs.
Studieleiar Audun Nedrebø orienterte. Det blir skipa til datakurs for lokallaga sine heimesider. Kurstad: FI-senteret, Førde. Tid: Laurdag 5. september. Kurset blir kunngjort m.a. på fylkeslaget si heimeside.
Til foreldre/barn-kurset i Førde 19.-20. September blir Gunnar Ekeland frå Hjelpemiddelsentralen med som kursleiar. Studieleiaren nemnde også andre aktuelle personar som forelesarar, men utan å ha sikre namn på blokka.
Lokalleiarsamlinga på Nordfjordeid 23.-25. oktober. Her diskuterte styret evt. kulturelle innslag laurdagskvelden. Det vil ein arbeide vidare med. Magne Sandvik, nyvalt sentralstyremedlem, vil bli spurt om å vere hovudforedragshaldar.
Sak 37/09 Landsmøtet i Harstad 12.-14. juni.
Det vart orientert om landsmøtet. Magne Sandvik vart innvalt i sentralstyret, og fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen vart valt inn i valnemnda.
Landsmøtet vart karakterisert som eit greitt møte. HLF presenterer seg no med bokstavane HLF først, det gjeld for både fylkes- og lokallag. Sogn og Fjordane fylkeslaget heiter frå no av: HLF Sogn og Fjordane. Lokallaga får same bokstavane først, t.d. HLF Gloppen Høyrsellag.
Sak 38/09 HLFU-midlar på konto i fylkeslaget.
HLFU-konsulent Christopher Lingaas har i brev til fylkeslaget bedt om å få overført pengar øyremerka HLFU hjå fylkeslaget til HLFU sentralt.
Vedtak: Kasserar overfører pengane til HLFU-sentralt.
Sak 39/09 Økonomisk støtte til bruk av Hørselsboksen. Søknad frå Liv Ragnhild Lunde, HLF Midtre og Indre Nordfjord lag for høyrslehemma.
Vedtak: Fylkeslaget løyver kr 2000 til HLF Midtre og Indre Nordfjord lag for høyrslehemma i samband med bruk av Hørselsboksen.
Sak 40/09 Brev til Hans-Johan Breidablikk vedk. Kommunikasjon ved SMS for døve og sterkt tunghørte. Leiaren orienterte.
Sak 41/09 Leiaren refererte frå møte med fylkesleiar og kasserar i HLF Sogn og Fjordane og fagdirektør Lida i Helse Førde, vedk. lang ventetid på hørselspoliklinikk i Helse Førde.
Sak 42/09 Eventuelt.
Styret tok her opp kommunikasjon med Arvid Gilje i Aurland om eventuell dekning av utgifter ved bruk av Hørselsboksen i Aurland 11. juli.
Vedtak: HLF Sogn og Fjordane kan ikkje ta på seg å dekke alle utgiftene for Team Hørsel og Hørselsboksen ved arr. i Aurland 11.7. 2009. HLF Sogn og Fjordane kan dekke maksimalt kr 2000. Om HLF Aurland ikkje godtek dette, vil Hørselsboksen ikkje bli nytta i Aurland 11.7. 2009.
Neste styremøte:
Tysdag 18. august kl. 17.00 i FI-senteret, Førde,
Møtet slutt kl. 19.45
Odd Hansen, skrivar
Tilbake