Stad: Rica Sunnfjord Hotel, Førde. Dato: 11.3.2011 Tid: Kl. 17.00 – 19.30
Desse møtte:
Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, sekretær Åse Liv Lote. Nestleiar Odd Hansen kom litt seinare – ca. kl. 18.10.
I tillegg var valnemnda til stades: Ragnhild Liv Lunde, Marit Åretun, Magne Sandvik
Sak 23/11 Godkjenning av innkalling og saksliste
Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent.
Sak 24/11 Godkjenning av protokoll frå styremøte 9.2. 2011
Vedtak: Sendt ut protokoll på e-post til styremedlemmer og vararepresentant – endra etter innkomne merknader - protokollen godkjent.
Sak 25/11 Økonomi
Kasseraren orienterte om økonomien.
Kr 30 000 frå Helse Vest – gledeleg overrasking.
Revisor rosar HLF Sogn og Fjordane for ryddig rekneskap og dokumentasjon for bruk av mottekne midlar. Revisor ønskjer at vi “kvittar” oss med hengaren – “rusk” i rekneskapen.
Sak 26/11 Kurs 2011
Audun har fått ein del kritikk for utsending av innkalling til Regionssamling. Mellom anna var det ulike meiningar om korleis og kven som skal krevje inn eigenandel og kor stor denne skal vere. Maks eigendel er kr 1 000,-. Rekneskapen i etterkanten vil vise om eigenandelen vil bli mindre.
Audun delte ut program for Regionskurs for Yrkesaktive.
Sak på neste møte: Eigenandel for ikkje medlemmer – retningslinjer for eigenandel.
Årsmøte:
· Val av møteleiar – styret sitt framlegg Magne Sandvik
· Protokollsekretær – styret sitt framlegg Nils Eimhjellen
· Underskrift av protokollen – styret sitt framlegg Gunnar Sjøtun og Sølvi Haugen
· Teljenemnd – styret sitt framlegg Ragnhild L. Lunde og Marit Åretun
· Redaksjonskomité – styret utnemner Are Søgnesand, Solveig Sandvik og Odd Hansen
Sak 27/11 Resolusjon frå HLF Sogn og Fjordane
Viser til sak 26/11
Sak 28/11 Årsplan
Odd hadde laga framlegg til aktivitetsplan 2011
Sak 29/11 Eventuelt
Ingen saker under eventuelt
Sak 30 /11 Referat
· Protokoll frå Hordaland.
· Brev til Helse Vest med kopi til brukerutvalget Helse Vest om ventetida ved Ø/N/H.
· Tilsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune kr 30 000,- til tinnitusturne med Cathrine Forsberg.
· Søknad til Sparebanken Sogn og Fjordane -1.3.2011.
Referent
Åse Liv Lote
Tilbake