Referat frå styremøte 14. januar 2012

Dato: 14. januar 2012. Tid: Kl. 13.00. Stad: Skei Hotell.

Desse møtte: Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, nestleiar Odd Hansen,
kasserar Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø.
Forfall: Sekretær Åse Liv Lote.
Frå valnemnda møtte Marit Åretun og Magne Sandvik.

Sak 01/12.  Godkjenning av innkalling og sakliste.
Vedtak: Innkalling og sakliste godkjent etter å teke med Heidersvase under sak 08/12 Eventuelt.

Sak 02/12.  Godkjenning av referatet fra 23.11. 2011.
Referatet var sendt ut på e-post til styremedlemmene, utan merknader.
Vedtak: Referatet vart godkjent.

Sak 03/12.  Økonomi.
Kasserar Ivar Halland orienterte. Økonomien er bra, men vart opplyst på møtet at laget ikkje får statleg tilskot inneverande år. Dette utgjer ca. 30.000 kroner mindre i tilskot enn i 2011.
Kasseraren la også fram forslag til budsjett for 2012.

Sak 04/12.  Kurs.
Studieleiar Audun Nedrebø tok føre seg framlegg til kurs inneverande år.
3.–4. mars Organisasjonskurs før årsmøtet.
14.–15. april Studiearbeid i lokallaga.
22. april Opplæringskurs i audiometer / hørselsboksen.
9. juni  Kurs for delegatane til Landsmøtet 2012.
20.–21. okt.    Kurs / Lokallagssamling. Sogndal Hotell.

Sak 05/12.  Kladd - Årsmelding 2011 for  HLF Sogn og Fjordane.
Nestleiaren tok opp framlegg til årsmelding  2011 på skjerm.
Ved gjennomgang blei det retta ein del i meldinga.

Sak 06/12.  Valnemnda til årsmøtet i HLF Sogn og Fjordane var representert 
ved Marit Åretun og Magne Sandvik. Dei orienterte litt om nemnda sitt arbeid.

Sak 07/12.  Referatsaker. Det vart kort referert frå:
Protokoll fra Rogaland. 2. Protokoll. 3. Kommunane i S&FJ. Det blir arbeidd med kommunale hørselskontakter. Prosjektsøknaden vår; Briskeby kan være interessert, vi venter på tilbakemelding fra Siri Skollerud.

Sak 08/12.  Eventuelt.
Heidersvasen. Styret tok opp saka etter innkome framlegg.

Styremøtet vart avslutta kl. 18.20.

Neste styremøte: Måndag 13. februar på Sandane.


Odd Hansen, ref.  

Tilbake

                                                                                          

Tillitsvalgtssider