Referat frå styremøte 15. oktober 2010

Stad: Rica Sunnfjord Hotell , Førde. Dato: 15.10.2010. Tid: Kl. 17.00 – 19.00

Desse møtte:
Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, varamedlem Gunnar Sjøtun, sekretær Åse Liv Lote.
Fråverande: nestleiar Odd Hansen

Sak 89/10  Godkjenning av innkalling og sakliste

Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent.

Sak 90/10  Godkjenning av protokoll frå styremøte 08.09.2010

Vedtak:  Utsendt protokoll – endra etter innkomne merknader -  protokollen godkjent.

Sak 91/10 Økonomi

Kasserar orienterte om økonomien i laget. Resultat betre enn budsjett.

Sak 92/10 Kurs /arbeidsplan 2011.
  Kurs omdømmebygging HLF – februar 2011 – lufte dette på lokallagssamling.
  Kurs yrkesaktive i Region HLF Vest, Sogn og Fjordane har ansvaret.
  Organisasjonskurs/Årsmøte 12-13. mars 2011.
  Lokallagsamling 2011, 16-17.okt eller 22-23.okt?
  Studiering i fylkeslaget på styremøte.
  Data kurs 2011 - lufte dette på lokallagssamling. Har sett opp to kurs som fekk for få påmelde. Prøve igjen i februar?

Kurs for lærarar. HLF har fått innspel etter turneen med Cathrine Forberg:

Vedtak:  Styret meiner at ein skal arbeide vidare med kurs for lærarar og førebyggande arbeid for ungdom. Føresetnaden er at det ikkje medfører kostnader for HLF Sogn og Fjordane.

 
Sak 93/10 Lokallagssamlinga oktober 2010

  Audun hadde laga flott program for samlinga.
  Synnøve ønskjer velkomne og takkar
  Ivar informerer om kjøp av audiometer

Sak 94/10 Retningslinjer for bruk av audiometer

  Synnøve sender ut retningslinjene for høyrselsboksen
  Synnøve lagar eit framlegg til retningslinjer og sender til styret
  Det vert laga saker til årsmøte
o Retningslinjer for bruk av audiometer
o Retningslinjer for bruk av grasrotmidlar

Sak 95/10 Retningslinjer for utdeling Heidersvasen

  Har ikkje retningslinjer
  Ikkje berre påskjønning når tillitsvalde sluttar
  Ingen ting som seier at dette skal vere årleg
  Lokallaga må kome med innspel/ønskje

Vedtak: Synnøve/Åse lagar utkast til retningslinjer til neste styremøte

Sak 96/10 Satsingsområde 2011

Vedtak:  Satsingsområde 2011 skal vere yrkesaktive høyrselshemma

Sak 97/ 10. Postkasse på HLF kontoret

Brev frå lotteritilsynet sendt til HLF adresse Fjellvegen 10 vart liggande – Synnøve fekk det seint, så for å unngå dette i framtida har Synnøve kjøpt postkasse som er merkt HLF.

Sak 98/10 Eventuelt

HLF si heimeside under Odd sin sjukdom.
Synnøve har snakka med Trym HLF sentralt som tek seg av oppdateringa
HLF Sogn og Fjordane har sendt blomster til to personar


Sak 99/10 Referat
1. styreprotokoll Sentralstyret, sendt ut.
2. styreprotokoll Hordaland, sendt ut.
3. styreprotokoll Døvblitt-utvalet, sendt ut


Referent
Åse Liv Lote

Tillitsvalgtssider