Stad: FI-senteret, Førde. Dato: 23.11.2011 Tid: Kl. 17.00–20.00
Desse møtte:
Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, sekretær Åse Liv Lote.
Forfall: Odd Hansen
Sak 74/11 Godkjenning av innkalling og saksliste
Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent
Sak 75/11 Godkjenning av protokoll frå styremøte 21.10.2011
Vedtak: Sendt ut protokoll på e-post til styremedlemmer og vararepresentant. Protokollen godkjent.
Sak 76/11 Økonomi
Kasseraren orienterte om økonomien.
Sak 77/11 Kurs 2012
· Pristilbod frå Gloppen Hotell for årsmøte 3.– 4. mars. Fått opplyst at teleslynge/brannvarsling skal vere ok. Audun bestiller. Det kjem nokon frå HLF sentralt – Audun har sjekka.
· Tinnituskurs 28. – 29. januar 2012 på Sunnfjord Hotell. Stein Thommesen – kr 4 000,- pluss reise og opphald i tillegg. OK - Audun ordnar.
· Sentralstyret skal kanskje ha styremøte 13.– 15. april 2012 i Sogn og Fj. Kanskje aktuelt at fylkesstyret har styremøte på same tid. Kjem tilbake til denne saka.
· Studieaktivitet i lokallaga – Audun sender vidare informasjon frå studiekonsulent Eva Halvorsen. Helgekurs 13. – 15. april. Besøkjer lokallaga om ønskjeleg. Spør Oddvar Torsheim om det vert på Sunnfjord Hotell.
· Opplæring audiometer – tidspunkt 22. april 2012 om det passar. Sender tilbod til aktuelle personar i samarbeid med lokallaga – 8 - 10 personar.
· Delegatsamling – samling førebuing Landsmøte – 9. juni 2012.
· Likemannskurs 3. – 4. november 2012. Sissel Grønli. Sunnfjord Hotell.
· Lokallagssamling 20. – 21. oktober 2012 på Sogndal Hotell.
Sak 78/11 Årsmelding 2011
Odd har sagt frå at han hjelper til med årsmeldinga som han har gjort tidlegare. Synnøve lagar eit utkast og Odd utformar. Møtest på Skei Hotell laurdag 14. januar 2012 kl. 12.00.
Sak 79/11 Invitasjon juletreff 30. november HLF Luster, Sogndal og Leikanger
Fylkesleiar er bedt om å halde eit innlegg. Fylkesstyret velkomne.
· Synnøve takkar for tilbodet og sender tilbakemelding om at vi andre ikkje har høve å møte.
Sak 80/11 Referatsaker
· Protokollen frå Rogaland 6. oktober 2011
· Protokoll 8/11 frå Hordaland
· Lesarbrev og brev til stortingsbenken i Sogn og Fjordane. I neste års statsbudsjett kjem det framlegg frå regjeringa om å redusere utgiftene til høyreapparat med 46 millioner kroner
· Søknad midlar til tinnitusturne 2012 er sendt
· Kurs brukarmedverknad 4. - 6. november i Bergen
· Folkehelsedagane i Sogn og Fjordane 8. - 9. november
· Briskeby 3. - 4. november
· Ringerunde til alle kommunane i S&FJ med spørsmål om den kommunale høyrselskontakten sitt namn står på heimesida til kommunane. For tre av kommunane var det ok. Alle var veldig positive og ville legge inn informasjon.
Sak 81/11 Eventuelt
Ingen saker under eventuelt
Neste styremøte – 14. januar 2012
Referent
Åse Liv Lote
Tilbake