Referat frå styremøte 16. august 2010

Stad: Nikodemusstova, Sandane. Dato: 16.08.2010. Tid: Kl. 16.00 – 20.00

Desse møtte:
Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, nestleiar Odd Hansen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, sekretær Åse Liv Lote.

Sak 65/10  Godkjenning av innkalling og sakliste

Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent.

Sak 66/10  Godkjenning av protokoll frå styremøte 28.06.2010

Vedtak:  Utsendt protokoll – endra etter innkomne merknader -  protokollen godkjent.

Sak 67/10  Økonomi

Kasserar orienterte om økonomien i laget. Resultat betre enn budsjett.

Sak 68/10  Kjøp av audiometer Sogn og Fjordane

  Ikkje noko nytt, tek opp att denne saka seinare.
  Har sendt melding til Rogaland

Sak 69/10  Kurs

  Studieleiar orienterte:

Datakurs 4. – 5. september. Lita påmelding sjølv etter annonser og anna kontakt. Berre 5 påmelde.

Endra påmeldingsfristen til 18.08.10

Vedtak:  Om det ikkje blir 8-10 påmelde må kurset avlysast. Studieleiar får fullmakt til å avgjere kva som skal gjerast

Fylkesårsmøte mars 2011:
Audun hadde innhenta tilbod frå Sogndal Hotell, Skei Hotell og Sunnfjord Hotell.

Vedtak:  HLF Sogn og Fjordane gjer avtale med Sunnfjord Hotell om årsmøte 2011

Det må lagast aktivitetsplan for kurs. Siste frist er 1. desember.
Prøve med nytt heimesidekurs januar 2011.

Sak 70/10  Søknad Helse og Rehab

Kari Furevik – Helse Førde – kallar inn til møte i oktober for utarbeiding ny søknad.

Sak 71/10  Lokal-/fylkeslag saman om å profilere HLF
  
  Aktivitetar gjennom året:
· Må vere innspel frå lokallaga om kva dei ønskjer lokallaget og fylkeslaget skal samarbeide om
· Det skal ikkje vere slik at lokallaga får det ”tredd nedover hovudet”.

Dette prinsippet skal drøftast på lokallagssamling og årsmøte


Sak 72/10  Rehabiliteringsveka 2010 - veke 43 – 25.-29. oktober.

HLF skal samarbeide med FFO. Synnøve stiller.

Sak 73/10  Kommunale syns- og høyrselskontakter

Ikkje noko nytt i saka, men Synnøve skal treffe person frå Blindeforbundet. Skal samarbeide om felles brev til regionråda.

Sak 74/10  Leiarmøte mellom landsmøta, lokallags-/fylkesleiarar

  Ivar møter, Audun kan ikkje møte

Sak 75/10  Spørjeskjema - fylkessekretærar, behovsundersøking

Synnøve har sendt inn svar på utsendt spørjeskjema etter innspel frå styret på forrige møte.

Sak 76/10  Tinnitus-turneen i Sogn og Fjordane

  Hafstad VGS   - svært positive – 3 bolkar
  Øyrane VGS   - passar ikkje
  Mo – og Jølster VGS  - skal ringje på nytt
  Firda VGS   - skal ringje på nytt
  Eid VGS   - postive
  Sogndal VGS  - ok

  Synnøve jobbar vidare med saka.


Sak 77/10  Eventuelt

· Audun – lokallagsamlinga – utarbeiding spørsmål gruppearbeid. Synnøve kontaktar leverandør vedkomande bilettelefon.
 
Sak 78/10  Referatsaker
1. Brev frå Jan Tormundsen - Sigvald Bergersen D.Y. og hustru Nanki`s allmennyttige stiftelse, avslag på søknad frå HLF S&FJ.
2. Protokoll frå sentralstyremøte 11.06. Hordaland. sendt ut til styret 30.06.
3. ”Stikka vår” -  medlemsblad frå Akershus fylkeslag.
4. Påmelding til Region, yrkesaktivkurs 3.-5.sept, sted: Bergen. Fylkeslaget har meldt på Are Søgnesand og Synnøve Solhaugen Engen.
5. Protokoll frå Rogaland.
6. Aurlandsmarknaden vellukka, høyrselsboksen køyrt til Rogaland.

· Audun gjekk gjennom litt av stoffet for ”Organisasjonskunnskap” og ga oss oppgåver til neste styremøte.
· Vi skal lese frå side 26 – ”Forberedelse til neste møte” til neste styremøte

 

Åse Liv Lote, sekr.

  

Tilbake

 

 


 

Tillitsvalgtssider