Stad: FI-senteret, Førde. Dato: 28.9.2011 Tid: Kl. 17.00–20.00
Desse møtte:
Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, nestleiar Odd Hansen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, sekretær Åse Liv Lote.
Sak 57/11 Godkjenning av innkalling og saksliste
Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent med ei sak under eventuelt om støtte til lokallaga.
Sak 58/11 Godkjenning av protokoll frå styremøte 14.9.2011
Vedtak: Sendt ut protokoll på e-post til styremedlemmer og vararepresentant. Protokollen godkjent.
Sak 59/11 Økonomi
Kasseraren orienterte om økonomien.
Sak 60/11 Kurs 2011 - Planlegge lokallagssamlinga i oktober
· Morten Aae Djupvik og Oddbjørn Hjelmeset svarar ikkje på telefon
· Mistyding – ikkje sentralstyremedlemmar som skal reise rundt og snakke om omdømme, men det var ein jobb som omdømmerepresentantar skulle ta seg av
· Er kome litt materiell – video m.m. Synnøve etterlyser power-point frå HLF sentralt. Ho - vår omdømmerepresentant – tek seg av presentasjonane.
· Gruppearbeid
· Arne Sølvberg har takka ja til å underhalde i gamlestova på Skei Hotell – underheld ca ein time.
· Audun spør Torill Anita Segtnan – ingeniør i Førde kommune. Var på FFO-samling og snakka om universiell utforming – veldig flink.
· Spurde Nils R. Sandal om han kan tenkje seg eit innslag på samlinga. Audun sender e-post til nils.r.sandal@sfj.no og informerer om når vi ønskjer han stiller på som inspirator/omdømmebygging.
· Snakke om “julebord” for alle (alle lokallaga)
Sak 61/11 Tinnitusturnéen veke 38
Veka var vellukka. Eid VG og Hafstad VG ønskjer å ha foreldresamling om kvelden i 2012. Dei sa seg villege til å administrere det sjølv. Hafstad VG - der var helsesøster med, ho meinte det burde vere eit krav at denne yrkesgruppa var til stades.
HLF Leikanger og Luster og Sogndal - godt jobba.
Avtale med Emma Bjørnsen 5. oktober for å snakke om støtte frå folkehelsa for turné i 2012.
Sak 62 /11 Referatsaker
Invitasjon til open dag/reke-/krabbefest frå FFO 26. okt
Sak 63/11 Eventuelt
· Audun hadde fått spørsmål om å støtte lokallaga sin eigenandel på lokallagssamlinga. Tidlegare vedtak har sagt at eigenandelen skal vere maks kr 1 000,-.
Vedtak: HLF Sogn og Fjordane har god økonomi og det er ønskjeleg at det kjem flest mogeleg på samlingane. For lokallagssamlinga oktober 2011 vil vi setje eigenandelen til kr 500,-.
Sak 64 /11 Studiering HLF ” Organisasjonens handlingsprogram” 2012-2015.
Held fram med høyringsuttale
Referent
Åse Liv Lote
Tilbake