Referat frå styremøte 3. mai 2011

Stad: FI-senteret, Førde. Dato: 3.5. 2011. Tid: Kl. 17.00–19.30.

 

Desse møtte:
Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, nestleiar Odd Hansen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, sekretær Åse Liv Lote.

Sak 31/11  Godkjenning av innkalling og saksliste
Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent.

Sak 32/11  Godkjenning av protokoll frå styremøte 11.3.2011
Vedtak: Sendt ut protokoll på e-post til styremedlemmer og vararepresentant – endra etter innkomne merknader – protokollen godkjent.

Sak 33/11  Økonomi
Kasseraren orienterte om økonomien.

Sak 34/11  Kurs 2011
Evaluering etter yrkesaktive kurs 2.–3. april:
· Kom inn 9 skjema – i all hovudsak positive tilbakemeldingar, men og ting som kunne vore betre. Mellom anna manglande skrivetolking på storskjerm (nokre mistydingar).
· Tilbakemeldinga er og at regionskursa bør halde fram. Det kan skapast gode nettverk fylka mellom.

Lokallagssamling til hausten 22.–23. oktober:
· Gloppen Hotell blir nok ikkje klart
· Har fått godt tilbod frå Skei Hotell – godtek det
· Tema: Omdømmebygging
· Synnøve prøvar å skaffe forelesar

Auke i studiearbeidet i lokallaga:
· Tips frå Finnmark: Lage perm til lokallaga.
· God ide – prøvar å lage til slike til lokallaga i HLF Sogn og Fjordane – Audun i samarbeid med Synnøve lagar permar.

Sak 35/11  Regionsamarbeidet
Styret i HLF Sogn og Fjordane ser positivt på regionssamarbeid – viser til sak 34/11 om at ein bør halde fram med regionskurs.
  

Sak 36/11  Testingsutstyr/høyrselsboksen HLF Sogn og Fjordane
HLF Sogn og Fjordane har to typar testingsutstyr. Framlegg til vedtak:
Vedtak: Viser til vedtak sak 113/10 om sal av hengjar. Styret utset salet og brukar 2011 på å finne ut kva som skal gjerast med høyrselsboksen/hengaren.

(Sak 113/10 Eventuelt - Hengjar
HLF Sogn og Fjordane har vedtak om at hengaren skal seljast. Om ingen av dei andre fylkeslaga ønskjer å kjøpe han, må han seljast på den opne marknaden. Synnøve tek opp denne saka med dei andre fylkeslaga.
Audiometer – testingsutstyr - forsikring
Utstyret – PC, skrivar, programvare - må forsikrast hjå TRYG. Ivar tek seg av saka.)


Sak 37/11  Eventuelt
· Gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane på kr 5 000,-. 
Vedtak – desse midlane skal brukast til yrkesaktive 2011. Støtte til forelesar/annonsering.
· Sender ikkje søknad til Helse og Rehab.
· Utsendingar til årsmøte FFO/FS. Bergljot var vald, men kan ikkje møte. Synnøve og Ivar møter.
· Kandidat til valnemnd i FFO – Ivar er HLF Sogn og Fj. sin kandidat . 

Sak 38/11  Referat
· Svar frå Helse Vest på “Resolusjon for tilpassing av høyreapparat i Helse Vest”.
· Protokollar frå Hordaland og Rogaland

 

Referent
Åse Liv Lote


Tilbake

 

 

 

 

 

 

Tillitsvalgtssider