Referat frå styremøte 6. mai 2010

Stad: Nikodemusstova, Sandane. Dato: 06.05.2010. Tid: Kl. 17.00 – 20.00

Desse møtte:
Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, nestleiar Odd Hansen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, sekretær Åse Liv Lote.

  

Sak 47/10   Godkjenning av innkalling og sakliste

Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent.

  

Sak 48/10  Godkjenning av protokoll frå styremøte 09.04.2010

Vedtak:  Utsendt protokoll – endra etter innkomne merknader -  protokollen godkjent.

  

Sak 49/10  Økonomi. Kasserar orienterte om økonomien i laget
Vedtak: Tilhengar for høyrselsboks skal ha eiga forsikring

  

Sak 49/10  Kurs. Studieleiar orienterte:

Kurs: Episerver 2 - Kurs for lokalsideredaktørar 5.–6. juni. Lita påmelding
Vedtak: Studieleiar undersøkjer konsekvensane av å avlyse og får fullmakt til å avgjere kva som skal gjerast

Datakurs i september:
Folkeuniversitetet skal ha kr 1 500,- pr time.
Vedtak: studieleiar får fullmakt til å undersøkje/forhandle fram avtale anten med Folkeuniversitetet eller andre. Styret ser det som viktig å tilby datakurs tilpassa høyrselshemma.

Studieleiar delte så ut materiale for kurs i ”Organisasjonskunnskap”. På forrige styremøte bestemte vi at  skal bruke tid på kvart møte på dette kurset.

  

Sak 50/10  Gammalostfestivalen - planlegging

Høyrselsboksen skal vere i Vik på festivalen
· Stand med brosjyrar
· Synnøve har bestilt rom til 6 personar – Kristian og Magne skal mellom andre vere der.
· Ein skal selje Briskeby-pins – sjå sak 54/10


Sak 51/10  Høyrselsboksen til lokallaga 2010.
  
  Boksen skal vere i Vik og Lærdal
· Ikkje Måløydagane
· Sandanedagane – boksen i Rogaland
· Ingen andre lokallag har meldt si interesse

 

Sak 52/10  Forslag til kandidat til brukarutvalet Helse Vest.

Vedtak: HLF sin kandidat til brukarutvalet Helse Vest er Odd Hansen

 

Sak 53/10  Forslag til kandidat til styret FFO Sogn og Fjordane

Vedtak:  HLF sin kandidat til styret FFO Sogn og Fjordane er Harald Lindvik

 

Sak 54/10  Eventuelt

· Audun gjekk gjennom studieplane for ”Organisasjonskunnskap” og ga oss oppgåver til neste styremøte.
· Synnøve har snakka med Silje – Sunnfjord Hotell – om Jakob Sande-kveld i midten av oktober. Hotellet vil vere medarrangør. Synnøve/Silje snakkast om opplegget.
· Likemannssamling i november:
HLF sentralt skulle finne ein kva som kunne stille på. Audun undersøkjer vidare.
· Prosjekt Telemark – ”Bærbart høyrselsutstyr”. Synnøve og Magne har sett på det – SUPERT! Berre ”MÅ HA DET”. Synnøve har søkt om midlar til dette eit legat.

· Briskeby-pins:

Vedtak: HLF Sogn og Fjordane kjøper inn 10 brett Briskeby-pins som skal seljast, mellom anna på stand i Vik og i Lærdal.
Ivar bestiller.

 Referent:

Åse Liv Lote

 

Tilbake

 

Tillitsvalgtssider