Referat frå styremøte 9. april 2010

Stad: Clarion Hotell Admiral, Bergen. Dato: 9. april 2010. Tid: Kl. 17.00

Desse møtte: Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, sekretær Åse Liv Lote.
Meldt fråfall: Odd Hansen.

Sak 33/10  Godkjenning av innkalling og sakliste
Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent.

Sak 34/10  Godkjenning av protokoll frå styremøte 12.03.2010.
Vedtak:  Utsendt protokoll - ingen merknader etter ei veke, protokollen godkjent.

Sak 35/10  Økonomi.
Kasserar orienterte om økonomien i laget

Sak 36/10  Hørselsboksen reisefordeling.
Vedtak: Lokallaga skal bestille boksen og i utgangspunktet betale kostnaden. Laga kan søkje fylkeslaget om tilskot på inntil kr 2000,-.
Pr. i dag veit ein at boksen skal til Vik 29. mai på Gammalostfestivalen

Sak 37/10  Når fylkesstyret besøker lokallaga....
Utgreiing: Sak frå årsmøtet 2010: Det er et ca 20 år gammalt vedtak som seier lokallaga betaler opphald og fylkeslaget betalar reiseutgifter, når tillitsvalde frå fylkeslaget er invitert til å besøke eit lokallag. Årsmøtet tok opp saka og syns det er ulogisk, men det vart ikkje gjort  formelt vedtak.
Vedtak: Når fylkesstyret sine medlemmer vitjar lokallaga, vert kostnadene dekt av fylkeslaget.

Sak 38/10  Søknad Helse og Rehab.
Saka går sin gong.

Sak 39/10  Tinnitusturne Sogn og Fjordane.
Chatrine Forsberg kjem 26.09. 2010 til Førde. Synnøve møter henne og følgjer kring i fylket:

Framlegg til reiseplan:
Måndag 27.09.10 : Dagtid - Øyrane - , Hafstad -  og Mo og Jølster v.g.s.     Kveld: Florø - ope møte.
Overnatting: Rica Hotell Førde.

Tysdag 28.09.10:  Dagtid – Firda – og Eid v.g.s.
     Kveld: Måløy – ope møte
Overnatting Rica Hotell Eid.

Onsdag 29.29.10: Sogndal v.g.s. frå kl. 10
Reise frå Sogndal.

Sak 40/10   Kurs. Studiering styret i arbeid.
Audun orienterte: Studieplanen for gammal. Ny er ”Organisasjonsutvikling for tillitsvalde”
Vedtak: Starte styremøta med teori frå dette kurset

 Sak 41/10  Bevilgning til Briskeby frå HLF Sogn og Fjordane.
På styremøtet 12. mars vart det gjort slikt vedtak:
5. Sak til årsmøtet: Fremme forslag for årsmøtet om gi kr 1,- pr. medlem i Sogn og Fjordane til Briskeby.
Vedtak:  HLF Sogn og Fjordane løyver kr 2000,-.  Tilsier økonomien i fylkeslaget det mot slutten av 2010, kan vi løyve mer.
Saka vart drøfta på årsmøtet, men det vart ikkje gjort formelt vedtak, men styret held på tidlegare 
Vedtak: HLF Sogn og Fjordane løyver kr 2000,- Briskeby

Sak 42/10  Evaluering frå årsmøtet.
Audun orienterte: Det var kome inn berre 2 svar. I hovudsak positive tilbakemeldingar, men nokre syns det var ”litt god tid” (for mykje tid mellom sakene) – bør orientere om tolking og ulike behov for tid.
Og reaksjonar på at Nordfjord Hotell tidlegare lovde å skaffe 11 ”varslingsklokker”. Det hadde dei ikkje gjort. Sjå sak 44/10
 
Sak 43/10  Region HLF Vest, konto Hørselsboks.
Region HLF Vest gjorde slikt vedtak:
Konto til Region Vest vert avslutta og pengane brukte til å dekke underskot til Regionsamling. Eventuelt overskytande midlar som ikkje vert brukt til kurset 9.-, 10.- 11.04.10 vert delt i 3 like delar overført til fylkeslaga sine respektive konti.

Sogn og Fjordane skal føre rekneskapen til Høyrselsboksen som ein ”reskontro” til eige rekneskap. Når det blir sendt ut rekneskapsinfo skal det og sendast til  Region HLF Vest.

Forsikringsavtalen gjennom IF Skade er sagt opp.
Ivar Halland tek kontakt med Trygg Vesta for ny avtale


Sak. 44/10  Eventuelt.
Viser til sak 42/10:
Vedtak: Synnøve tek kontakt med brannvesen/reiseliv for samarbeid om informasjon tekniske hjelpemiddel for å sikre varsling for høyrselshemma på overnattingsstadar.

Sak 45/10  Referatsaker.
1. Kronprinsesse Märthas Minnefond, sendt takkebrev.
2. Sendt søknad til Sparebanken Sogn og Fjordane på gåvemidlar, søknadsfrist 01.04.2010.

Referent:
Åse Liv Lote

 

Tilbake

 

Tillitsvalgtssider