Referat frå styremøte 9. november 2010
Stad: Nikodemusstova, Sandane. Dato: 09.11.2010. Tid: Kl. 17.00 – 20.00
Desse møtte:
Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen, kasserer Ivar Halland, studieleiar Audun Nedrebø, varamedlem Gunnar Sjøtun, sekretær Åse Liv Lote.
Fråverande: nestleiar Odd Hansen
Audun fekk blomsterbukett frå deltakarane for vellukka og vel gjennomført likemannskurs
Sak 100/10. Godkjenning av innkalling og saksliste
Vedtak: Innkalling og saksliste godkjent.
Sak 101/10 Godkjenning av protokoll frå styremøte 15.10.2010
Vedtak: Utsendt protokoll – endra etter innkomne merknader - protokollen godkjent.
Sak 102/10 Økonomi
Kasserar orienterte om økonomien i laget.
Søknad til fylkeskommunen på kr 30 000,-Folkehelsa v/ Anne- Lene Normann. Har seinare fått avslag – god søknad, men mangel på pengar.
Sak 103/10 Kurs /arbeidsplan 2011.
Kurs omdømmebygging HLF – studieringar i lokallaga. Om ynskjeleg besøk av medlemmer av fylkesstyret. Synnøve omdømmeambassadør. Synnøve sender ut informasjon.
o Hadde vore fint om ein kunne kombinere kursa med ein felles tur til Briskeby
Kurs yrkesaktive i Region HLF Vest, Sogn og Fjordane har ansvaret – 9. – 10. april.
Organisasjonskurs/Årsmøte 12-13. mars 2011.
Datakurs – prøvar igjen. Siste forsøk 5. – 6. februar
Lokallagsamling 2011, 22-23.okt.
Førebyggande arbeid - skuleturne S&FJ 2011 om mogeleg med temadag for lærarar i samband med turneen. Synnøve jobbar vidare med dette.
Forum for yrkesaktive - eindagskurs? Yrkesaktive er satsingsområde 2011. Kva som skal gjerast må avgjerast i samarbeid med Are
Studiering i fylkeslaget på styremøte. Om ikkje datakurs – data aktuelt som tema for studiering.
Sak 104/10 Program på årsmøtet 11. – 13. mars – idear
Kunstvandring Rica Sunnfjord Hotell laurdag 12. mars?
Skal tema for årsmøtet vere – Korleis påverke politikarar til kommunestyre og fylkesting?
Spørje om Espen Lahnstein kan kome å snakke om dette temaet
o Gruppearbeid
Kurs – organisering årsmøtesaker. Som vanleg.
HLF sentralt deltek – dei bestemmer kven
Sak 105/10 Val 2011 – kommune – og fylkestingsval
Støtte lokallaga om dei ønskjer det.
Ta kontakt med FFO og høyre om det kan vere aktuelt å lag ein plan i samarbeid med dei.
Styret syns det er ein god ide å søkje samarbeid.
Sak 106/10 Retningslinjer for bruk av audiometer
Vedtak:
Synnøve sender ut retningslinjene for høyrselsboksen og Åse lagar ein framlegg til retningslinjer ut frå det, utkast frå Synnøve og diskusjon på styremøte.
Sak 107/10 Retningslinjer for utdeling Heidersvasen
Vedtak: Ivar sender endringar i samsvar med diskusjonen på styremøte til Åse som reviderer det og sender det til styremedlemmene
Sak 108/10 Invitasjon til Magne om å delta på org.kurs/årsmøtet
Vedtak: Synnøve inviterer Magne og ber han om å leie samlinga
Sak 109/ 10 Skulering kursvertar
HLF sentralt ønskjer forslag til personar som skal skolerast som kursvertar.
Vedtak: HLF Sogn og Fjordane sitt forslag er Åse Liv Lote
Sak 110/ 10 Årsmelding 2010
Synnøve har starta jobben med årsmelding 2010, lagar framlegg til retting innan 15.12.10.
Sak 111/ 10 Søknad frå HLF Flora og Bremanger – refusjon eigenandel kurs likemenn
Vedtak: HLF Flora og Bremanger får refundert kr 2010,- eigenandel likemenn
Sak 112/ 10 Kontingentar
Det er eit problem at ikkje alle betalar årskontingenten i tide. Medlemmene blir då sletta frå medlemsregisteret - det fører til at medlemstalet varierer sterkt.
Vedtak:
1. HLF Sogn og Fjordane vil be HLF sentralt om å få inn ein ekstra tekst på 2. gongs betalingsoppfordring/purring – t.d. ”OBS – ved manglande betaling er ikkje høyreapparatet lenger forsikra”
2. Leiar sender brev til HLF sentralt om saka
Sak 113/10 Eventuelt
Hengjar
HLF Sogn og Fjordane har vedtak om at hengaren skal seljast. Om ingen av dei andre fylkeslaga ønskjer å kjøpe han, må han seljast på den opne marknaden. Synnøve tek opp denne saka med dei andre fylkeslaga.
Audiometer – testingsutstyr - forsikring
Utstyret – PC, skrivar, programvare - må forsikrast hjå TRYGG. Ivar tek seg av saka.
Sak 114/10 Referatsaker
1. Styreprotokoll frå Rogaland mottatt 19. 0ktober.
2. Styreprotokoll frå Hordaland.
3. Sendt brev til HLF sentralstyret ved Roar Råken, og spurt om HLF kan påverke Helse Vest si tildeling av midlar.
INFO: Synnøve og Magne fekk opplæring i audiometer av Arne Vik torsdag 10.11.10
Referent
Åse Liv Lote