Dette yrkesaktive forumet(YF) er ope for ALLE hørselshemma i yrkesaktiv alder og deira pårørande. Er du i arbeid, arbeidsledig, sjukmeld eller er uføretrygda så er du velkomen. Alle har vi erfaringar som andre kan ha nytte av!
Vi står som ei heilt sjølvstendig gruppe under fylkeslaget og bestemmer sjølve korleis vi legg opp treffa våre. Det kan være at vi vil ha eit utandørs treff eller at vi tek oss ein tur i lag. På møta kan det til dømes være foredrag/omvisning om tilrettelegging på arbeidsplassen, tekniske hjelpemiddel, omskulering, tiltak for å behalde jobben og ellers om ulike ordningar i NAV. Det heile føregår i ei avslappande og uhøgtidleg atmosfære. Slik kan vi få kunnskap om vår situasjon og bli motiverte til å gjere grep for å få ein lettare kvardag. På biletet har vi omvisning på "Årets hørselsbedrift 2008"-TINE Byrkjelo.
Vi vil ha god tid til sosialt samvær med god mat og drikke.
All kontakt skjer via mail. Slik vil du få informasjon om treffa, kurs, møter og nyhende.
Interessert? Send ein mail til underteikna og du blir sett opp på ei mailliste der du får tilsendt info.
Are Søgnesand,
fylkeskontakt yrkesaktive i Sogn og Fjordane,
Epost: ar-soegn@frisurf.no
Neste møte:
På Fosshaugane Campus søndag 25.09.11 kl.11.00.
Sjå link(møter) med detaljert program på denne sida.