Møte i Sogndal 25.09.11

Møte på Fosshaugane Campus i Sogndal.

Program:

Kl.11.00: Frammøte på Ingafossen, stor parkeringsplass. Ein følgjer Fjærlandsvegen, og tek av ved nedkjøringa til Storhallen. Nokon vil møte dere der. Finn ein ikkje fram kan ein ringe 415 30 852.

 

Kl.11.00-12.00: Omvisning på Campus, der ein finn fotballbana, fylket sin største og nyaste vidaregåande skule, Høgskulen i Sogn og Fjordane og mykje meir! Spennande område!

 

Kl.12.00-12.30: Rundstykker, kaffi/te (betalar 50 kr.).

 

Kl.12.30-13.30: Foredrag av Henny Oxholm, rådgivar ved NAV Arbeidslivsenter i Sogn og Fjordane. Det vert høve til spørsmål/samtale rundt det ho tek opp.

 

Kl.13.30-14.00: Innlegg ved fylkeskontakt Are Søgnesand.

...........................................

Dersom nokon ynskjer ei vandring i Sogndal sentrum, evt. å spise middag saman, kan vi gjere det.

Fotballkampen: Sogndal-Brann startar kl.18.00.

NB! Dei som ynskjer å få med seg kampen må ordne billettar no, for å være sikker på å få sitte godt!!

 

Møtet er også ope for pårørande til hørselshemma i yrkesaktiv alder.

Det vert tilrettelagt med teleslynge og skrivetolking!

 

Påmelding til: Are Søgnesand på mail(ar-soegn@frisurf.no) seinast søndag 18.09.

Kontaktperson i Sogndal: Brit Jorun Ølnes(brit.jorun.olnes@sf.no), tlf.41530852.

 

VELKOMNE TIL SOGNDAL

Tillitsvalgtssider