Velkomment til HLF Seljord

Velkommen til nettsidene til HLF Seljord.

Vi er eit lokallag som har eksistert sidan 1991, og har i dag ca. 130 medlemmar.

 

Vi arbeider for å forebygge hørselsskade og informerar om kva ein kan gjera for å forebygge hørselsskade både for barn og vaksne. Vi har nokre opne møter og tilstelningar vår og haust, og hørselshjelperar er på Seljord bibliotek 2. tysdagen i kvar månad kl 11.00-13.00 utanom juli og august då tek dei seg sommarferie. Vi annonserar i lokalavisa når vi skal ha møta våre. Så då er alle hjartleg velkomne på dei.

Vi ynskjer alle velkomne til møta våre, og er det noko de lurar på , så kan de ta kontakt med Leiar Tore Skaug på telefon 90098021 eller på E-post toskaug@online.no. Nedanfor finn du navn og nummer på hørselshjelperar og hørselskontakten i Seljord kommune. 

Kontaktpersoner i laget og kommunen

Leiar:

Tore Skaug   90 09 80 21

Hørselshjelperar:  
Gunnar og Anne Elise Thorvaldsen 35 05 03 51 og 47 61 33 65.          
Hans Rue 40 21 46 60

Tinnituskontakt:
Hans Rue 40 21 46 60

Hørselskontakt i Seljord Kommune:
Liv Boyesen heimetenesta 35 05 84 00 kontoret der formidlar vidare kontakt

 

Ambulerande Audiograf/føremoddagstreff på Seljord Bibliotek.

Ambulerande Audiograf i Vestfylket

Me har nå fått ein ambulerande Audiograf, som kjem oppover i vestfylke når det er nokon som treng ein audiograf. Det kan væra til f.eks.:

  • Avgjera om du treng høreapparat
  • Til hørselstest
  • Avstøyping av øyreproppar
  • tilpassing av høreapparat
  • og søkje på hjelpemiddel
  • Samtale med Audiografen.

Dette er for at vi ikkje skal trenge å kjøyre så langt til hørselssentralen i Skien.

I Seljord kan du ringe heimehjelpskontoret der Anne Bjørg Haugstoga sit og tek seg av timebestillingane. telefonnr. hennar er 35 05 84 00. Det er meininga at Hørselskontakt i kommunen skal væra tilstades under konsultasjonen.

Denne tenesta er ikkje igang for tida, men me arbeider for å få dette igang att.

Helsing Styret i HLF Seljord

Føremiddagstreff på Seljord Bibliotek.

HLF Seljord har føremiddagstreff på seljord Bibliotek desse tysdagane

kl.11.00 - 13.00 i 2011

13/9 - 10/10  - 8/11 - 13/12 God Jol Og godt nytt år! I 2012 10/1 - 14/2

13/3 - 10/4 - 8/5 - 12/6 - God Sommar

Service på apparat og sal av batteri. Hørselkontakt tlf. 35 05 03 51/ 900 98 021

Helsing Styret

 

Tillitsvalgtssider

Kontaktinformasjon