Hjelp, eg har mist hørselen din

Hjelp, eg har mist hørselen din

Prosjektet tok tak i at mange offentleg tilsette på lokalplan ikkje har nok kunnskap om hørsel, sjølv om dei ofte er i kontakt med personar med nedsett hørsel, høyreapparatbrukarar eller teiknbrukarar.

Det vart gjennomført fire grunnkurs for personale i denne gruppa. Kurset gav innføring både i audiologisk fagstoff og brukarerfaringar. Tema: Oppvekst, visuell kommunikasjon, høyreapparat, rutiner ved høyrselsentralen ved tilpasning av høyreaparat, og tilvenning til å bruke høyreapparat. I alt deltok 43 fagpersonar innan nærmiljø/heim, skule/barnehage og helsearbeidar/rehabilitering.

Evalueringa viste at kursdeltakarane valde kurset for å gjere jobben sin betre, og at dei gjerne sjølve tok initiativet. Dette tyder på at kommuneadministrasjonane i liten grad hadde definert hørsel som satsingsområde. Dette er ei problemstilling som i forlengelse av prosjektet er blitt gjenstand for mykje utgreiingsarbeid omkring hørselrehabilitering, sjå eksempelvis rapporten Helhetlig rehabilitering for tunghørte. Sluttrapport for et modellforsøk i tre helgelandskommuner.

Prosjektleiar Anne Britt Nummedal Losnegård

Tillitsvalgtssider