Svar:
Høyreapparat ligg i altfor mange skuffer, ikkje berre på sjukeheimar. Det er berre å begynne og opne dei!
Normal hørsel gir oss tilgang til lydane frå verda rundt oss. Desse lydane fargelegg livet vårt frå morgon til kveld, og om natta er dei trygge rammer rundt søvnen vår. Når folk får nedsett hørsel, mister dei denne hørseltilgangen til sosialt fellesskap og naturlege omgivelseslydar. Det er naturleg at det blir ein stressfaktor ikkje å ha tilgang til denne informasjon. Å få redusert hørsel og leve utan gode nok lyttestrategiar kan derfor gje mindre stimulering til følelsar og intellekt, og kan føre til ein depressiv reaksjon.
Eldre hørselhemma er ei stor gruppe, og mange kan vere avhengig av hjelp frå andre for å få kompensert for hørseltapet. Det gjeld både følgje til hørselsentral ved utprøving av høyreapparat, og ved vurdering av behov for andre tekniske hjelpemiddel til å forsterke opp samtale eller TV-lytting.
Det er avgjerande viktig at omgivelsane har respekt for kva den eldre sjølv opplever av nytteverdi både av høyreapparat og andre hjelpemiddel. Tilvenning til ”ny” lyd kan ta tid, og bør starte i ein-til-ein situasjonar for å unngå ubehag med bakgrunnsstøy. I tillegg til hjelpemiddel er det behov for kunnskap og vilje til tydeleg kommunikasjon hos nærpersonane. Eit godt grunnlag er å halde god augekontakt, snakke ein om gangen, roleg, gjerne korte setningar og oppdatere den tunghørte på nye tema.
/Anne Britt N. Losnegård/