Svar:
Du kan lære deg å meistre tinnitus. Det er frykta for tinnituslyden og fokuseringa på den som aukar lyden og plagenivået. Dette er kjernen i mekanismene som utløyser og vedlikeheld tinnitus.
Derfor er informasjon om desse mekanismene, altså kunnskap om hørselsamarbeidet mellom øyret og hjernen viktig i behandlinga. Det er også viktig å lære seg avspenning – som du er i gang med.
Tinnitus i seg sjølv kan ikkje skade hørselen. Ekstrem sterk lyd kan skade hørselen og utløyse tinnitus, kortvarig eller langvarig. Ettersom vi i Norge ikkje har øvre desibelgrense for rockekonsertar, er det fornuftig av deg å bruke øyreproppar der. Det er kombinasjonen av sterk lyd over lang tid som skaper helsefarleg støy, t.d. støy på arbeidsplassen eller ungdom som dagleg utset seg for lang dose med altfor høg musikk på øyret.
Men det er individuelle variasjonar i forhold til kva folk toler av ”normal” lyd. Ikkje beskytt deg mot dagleglivslydar, då kan du auke sensitiviteten din for vanlege lydar. Bruk musikk på eit behageleg nivå og la tinnitus saman med den ytre lyden vere eit ”bakgrunnsteppe” som du ikkje lyttar aktivt til. Slik trenar du hjernen til å ”sleppe” tinnituslyden.
Fysisk trening som du driv med, er også bra, gjerne med musikk til. Trening kan skape forbigåande forhøga lyd p.g.a. auka blodgjennomstrøyming til det indre øyret, men du styrkar evna di til stressmeistring.
Eg ønskjer deg lykke til!
/Anne Britt N Losnegård/