Svar:
Hørselfunksjonen går ut på å registrere lyd av ulik kvalitet og formidle til sentralnervesystemet.
Registreringa er første fase i ein komplisert prosess som fører til at lydbølgjer mot øyret blir oppfatta som meiningsfullt språk. Når hørselen er nedsett, kan vi med ulike testar finne kva som karakteriserer akkurat dette hørseltapet og tilpasse forsterking og høyreapparat deretter.
Men testar kan vise at evna til å skilje ulike språklydar frå kvarandre (orddiskriminasjon) kan vere markant dårleg sjølv når vi tilfører ekstra forsterking av lyd. Då er meir sentrale fasar av hørselfunksjonen også involvert, og apparat gir forsterking utan at lyden blir forståeleg og meiningsfull. Testar gir likevel ikkje eit heilt bilde av hørselfunksjonen.
Personen kan fungere godt i ein-til-ein-situasjonar, spesielt om vi tek omsyn til å ha god blikkontakt, passe nær avstand og held oss unna støykjelder. Oppdatering ved raske endringar i tema er og viktig.
Ettersom det er mange år sidan siste hørselsjekk, vil eg likevel foreslå at de ber fastlegen om tilvisning til ØNH-avd/hørselsentral for å få hjelp til eventuelt skifte av apparat eller til andre tekniske hjelpemiddel som kan vere til støtte i dagleglivet.
Kor stort handikapp eit hørseltap skal bli, er avhengig av evna til omstilling hos den eldre sjølv og forståinga dei blir møtt med hos nærpersonar og omgivnader. Å miste eller få ytterlegare redusert hørsel er likevel for alle eit stort tap. Det kan ta tid før ein greier å hente fram kraft til å sjå framover og søke godeløysingar.
/Anne Britt Losnegård/