Eg forstår deg slik at du har hatt lydar i øyret i varierande grad over lang tid, men du har tolerert det bra inntil du fekk denne nye ”dunkelyden”. Viss du ikkje alt har vært hos legen, er det det første du må gjere.
Du kan be fastlegen din om tilvising til ØNH-spesialist/høyresentral. Der får du gjort undersøkingar for å finne bakanforliggande sjukdom. Kva undersøkingar du får, blir bestemt ut frå symptoma du har og funn som legen gjer. Viss du høyrer til den store gruppa der ein ikkje kan påvise bakanforliggande årsaker, får du diagnosen subjektiv idiopatisk tinnitus (= tinnitus utan kjend årsak).
Viss du får denne diagnosen, er det viktig at du legg bekymringane for alvorleg sjukdom bak deg, og lærer deg strategiar for å halde lyden på avstand; til dømes omgir deg med eit behageleg lydmiljø, fysisk og mental aktivisering, eller utfordrar deg på korleis du tenkjer om lyden. Skaff deg meir kunnskap. Spør etter lydpute som er eit behandlingshjelpemiddel, tildelt etter søknad til trygdeverket, og som du kan bruke ved innsoving/om natta.
Det er ikkje uvanleg at folk som jobbar med lyd/lytting som du gjer, blir spesielt opptekne av lydar og lydmiljøet sitt, men dette fører ikkje nødvendigvis til plagsam tinnitus.
Eg ønskjer deg lykke til!
Anne Britt N. Losnegård