Vedvarende sus

Samtidig med konstatering for 1-2 månader sidan, av tendens til flimmerhjerte (har gått på tilvenning til Marevan, men fått lov til å slutte fordi flimmeret var så lite) og høgt blodtrykk (Lodoz og Diovan), registrerer eg vedvarande sus i hovudet. Susen er nok heller ikkje sterk, for den forstyrrer ikkje søvn, og når eg er i arbeid gløymer eg den i lange periodar.
Men nå lurer eg på om ein vane eg har kan vere årsaken så eg må slutte med den:

I helger og fritid likar eg å høyre radio og eg har mykje fysisk aktivitet (hagearbeid og liknande). Eg kosar meg best med høyrselvern med radio i når eg arbeider, og lytting kombinert med fysisk aktivitet gjer også at eg får med meg det eg høyrer på. Set eller legg eg meg ned for å høyre, forsvinn konsentrasjonen. Eg har ikkje lydstyrken høgare enn at eg kan oppfatte det som blir sagt. Men nå lurer eg på om dette kan vere årsaken til suset og at eg derfor må slutte med det?

Kan dette ha noko med saka å gjere: Eg fekk kontrollert høyrselen min for nokre år sidan fordi eg opplevde ofte at eg hadde problem med å oppfatte kva folk sa på telefon. Undersøkinga konkluderte med at høyrselen var i orden. Eg har fortsatt dette problemet, og skyldar det på dårlege telefonar, det er ikkje alle eg snakkar med som er problem.

Men eg trur nok øyrene mine også er delaktige i problemet.

Det er lite sannsynleg at radiolyttinga du beskriv, har noko å gjere med suselyden du høyrer. Du brukar volumknappen fornuftig, og har gjort dette lenge og hatt glede av det. Derimot oppdaga du susinga i samband med andre helseplager. Det treng ikkje nødvendigvis vere nokon samanheng, men det kan vere at du har hatt ein stressbelastning over tid, som også kan ligge bak suselyden.

Blodtrykket har du også fått under kontroll. Men du kan i denne perioden ha ”oppdaga” kroppen din på ein måte du ikkje tok deg tid til før. Oftast er det positivt. Men viss du begynnar å ”overvake” susinga, kan det vere starten på ein vond sirkel der du opplever at suset blir sterkare. Eg trur du har rett i at du har eit lett hørseltap. Då kan du miste ustemte konsonantar (p,t,k) i talestraumen, og spesielt er det merkbart på telefonen der du ikkje har synet/ munnavlesing/situasjonen å støtte deg til.

Eg vil anbefale deg å be fastlegen om tilvising til ØNH-avd/hørselsentral, få ny hørseltest og eventuelt prøve ut høyreapparat. Det er ein anna måte å ”gløyme” suset og få det på avstand fordi du då får forsterka opp miljølydane rundt deg. Du får også testa ut om det er mindre anstrengande for deg å oppfatte tale.

Men hugs: Øving gjer meister. Det gjeld ikkje minst høyreapparat.

/Anne Britt Losnegård/

Tillitsvalgtssider