HLF Møre og Romsdal vedtok på årsmøtet ein resolusjon der dei oppfordra alle dei politiske partia om å tilrettelegge alle møta under valkampen med god lyd.
- Å kunne delta i dei demokratiske prosessane er ein menneskerett, seier nyvalt fylkesleiar Kjell-Magne Nakken. Folk må ha moglegheit til å kunne delta i den politiske debatten.
Kvar femte innbyggar i Noreg har utfordringar med hørsel i dag, mange av desse unge. Det kan vere mange årsaker til at ein strevar med hørsel, noko er varig og noko er kortvarig(allergi el,l.). Ein veit også at det er ein samanheng mellom hørsel og alder. Mange av våre politiske tillitsvalde strevar, eller vil streve, med hørsel. Mange av dei politiske møta er også åpne for publikum, og da skal du ha tilgang sjølv om du høyrer dårleg.
Da er det heilt nødvendig at det blir lagt til rette med bruk av mikrofon og teleslynge, eller andre streaminganlegg på dei politiske møta, seier Nakken. Bra for alle, og nødvendig for mange. HLF Møre og Romsdal oppfordrar også til at alle møte blir tilrettelagt, også etter valkampen. – Fylket vårt treng alle dei kreftene vi har, seier Kjell-Magne Nakken, og oppfordrar til å gå i dialog med lokale HLF-lag dersom ein har spørsmål eller treng ein sparringspart for få til dette på ein god måte.
Årsmøtet vedtok 3 resolusjonar:
Kontaktinformasjon:
Kjell-Magne Nakken – Leiar, HLF Møre og Romsdal, Tlf: 481 01 180
Kristin Glæstad Vonheim – Nettredaktør, HLF Møre og Romsdal
Tlf: 936 85 610,
